Viktig med nynorsk i ny barnekanal

Viktig med nynorsk i ny barnekanal

Tidlegare i år signaliserte NRK at dei ynskjer å opprette ein eigen barnekanal. Med dette ynskjer NRK å ta opp konkurransen med dei utanlandske aktørane på marknaden som Disney Channel og Cartoon Network. Med det nye digitale bakkenettet vert det plass til mange fleire kanalar og distribusjonen av dei ulike kanalane vil mest truleg bli svært lik. Dermed vil òg konkurransen mellom kanalane bli mykje jamnare enn han er i dag. Mange fjernsynsselskap ynskjer difor å kome tidleg på banen med nye kanalkonsept. Forutan ein eigen barnekanal har NRK sagt at dei ynskjer seg ein eigen nyhendekanal. TV2 har allereie oppretta TV2 Zebra. Fleire kanalar vil nok kome.

I dag er det Disney Channel som er marknadsleiaren av barnekanalane. Det som skil Disney Channel frå dei andre kanalane, er at denne kanalen er fri for reklame. Konkurrenten Cartoon Network har derimot mykje reklame. Men begge kanalane er utanlandske kanalar som ikkje sender norskproduserte seriar. Men språket det er derimot norsk, nesten alt dei sender er ”dubba” til norsk, og då er det sjølvsagt tale om eit standardbokmål.

Kringkastingsringen meiner det er særskilt viktig i høve til kringkasting overfor born og unge å la dei få møte begge dei norske målformene og dialektar frå heile landet så tidleg som mogleg.

NRK har vore ein unik formidlar, ikkje berre av nynorsken, men òg av dei norske dialektane. I dag fungerer programma i barne-tv på NRK motsett, dei har blitt bokmålske språkbad for ungane våre. Dette fører til at svært mange born aldri høyrer sin eigen dialekt på barne-TV og heller ikkje sitt eige opplæringsmål. For desse borna vert fjernsynet ein introduksjon til bokmålsverda. For dei vert oslomålet og bokmålet synonymt med det normale. Dette er ikkje heldig og er heller ikkje i samsvar med NRKs rolle som allmennkringkastar.

Om NRK gjer alvor av planane sine om å starte ein ny barnekanal, kan dei byrje med å jamne ut den enorme overvekta av bokmålstilsette i barne- og ungdomsavdelinga. For det andre kan dei byrje å tinge meir nynorsk og dialekt i seriane dei får ”dubba” til norsk og for det tredje bør dei gje rom for andre dialektar enn austlandsdialektar kring Oslo hjå programleiarane sine.

Som den einaste kanalen som har ein ustrekt eigenproduksjon av fjernsynsprogram for barn og unge, meiner Kringkastingsringen at ein eigen norsk barnekanal kunne demme opp for den einsrettande kommersielle kulturen som kanalar som Disney Channel og Cartoon Network presenterer med nesten utelukkande amerikanske produksjonar dubba til norsk.

Om NRK skulle starte ein eigen barnekanal er det nett som Kalle Fürst, sjef for barneavdelinga i NRK, seier: «Vi treng eit norsk alternativ, fordi ein slik kanal kan gje referansar til eins eige land og kultur.» Kringkastingsringen meiner ein minst like viktig grunn er at det er viktig for barn og unge i Noreg å høyre si eiga dialekt og begge dei norske målformene.

Norsk Tidend nr. 2-2006