Nynorsk som mediespråk

Nynorsk som mediespråk

Kringkastingsringen arbeider med idear til eit fond for styrking av nynorsk i media. Fondet er føreslege av Senterpartiet, men alle partia som i dag sit i regjering, stilte seg bak i Innst.S.nr.155 (2003-2004), Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturpolitikk fram mot 2014. Dagens regjeringsparti var ambisiøse i sine ynske.

” Stortinget ber Regjeringa utrede mogelegheita for å opprette eit fond, Vinjefondet, som skal bidra til å styrke nynorsk journalistikk og anna publisistisk på nynorsk. " No sit dei sjølve i regjering og kan sjølve gjennomføre planane.

Skrivande og talande journalistar lever på mange måtar i to ulike verder når det kjem til nynorsk som mediespråk. Medan NRK og TV2 har nynorsk i sine sendingar utan at særleg mange lyfter ein finger, og dialekttale er vanleg kost i dei fleste etermedia, er ikkje stoda den same i dei trykte media.

Med Slepp nynorsken til kampanjen til Noregs Mållag i fjor vart vi alle medvitne om korleis stoda er hjå dei største avisene i Noreg. Der er eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Mange av dei mindre riksdekkjande avisene som Nationen, Vårt Land, Klassekampen og Dagsavisen har opna opp for nynorsk, men dei store avisene vil framleis ikkje.

Ved sidan av desse store avisene finst der tallause små og mellomstore publikasjonar både på papir og på nett. Mange av desse er lesne av svært mange, som til dømes Se og Hør, andre er kanskje fagtidsskrift eller blad, motemagasin, ungdomsmagasin eller liknande. Her finst det nesten ikkje nynorsk.

Kringkastingsringen vil at dette fondet skal vere eit tiltak for å få retta opp skilnadene mellom aksepten for nynorsk i etermedia og i trykte media. Suksessen til Slepp nynorsken til!-kampanjen synte oss at svært mange ynskte seg nynorsk i rikspressa. Og kvifor skulle dei då ikkje ynskje seg nynorsk i Se og Hør, Mag!, Computerworld eller Motor?

På mange måtar er mangelen på nynorsk ein vond sirkel. Mange journaliststudentar sluttar å skrive nynorsk under utdanninga fordi dei trur det aukar sjansane deira for å få arbeid, og med færre nynorskjournalistar vert det ikkje meir nynorsk, heller tvert om. Og då er der få att som kan ta kampen i sitt vesle blad eller i si avis. Slik held bokmålsveldet fram.

Likevel finst det heiderlege unntak, som til dømes Judith Litlehamar som fekk seg sumarjobb i avisa Fedrelandsvennen i år. Ho fortalde redaktøren at ho ynskte å skrive nynorsk og fekk melding tilbake om at det fekk ho ikkje. Då takka Judith nei til heile jobben.

Eit Vinjefond må kunne vere med å gjere det slik at Judith kan arbeide nett der ho skulle ynskje.

Norsk Tidend, nr 3-2005