Nynorsk og avisfusjon
Dei siste vekene har det stått mykje i avisene om at dei fire store regionsavisene Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Fædrelandsvennen og Aftenposten planlegg fusjon. Det har vore drøftingar på eigarnivå og på journalistnivå, og aviskommentatorar har spekulert på om det kjem til å verta nokon fusjon. Det er framleis uvisst kva som kjem til å skje.
Noko det har vore skrive lite om, er kva som kjem til å skje med innhaldet i avisene om desse fusjonerer. Og kva kjem til å skje med språket?
Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad er i dag to av dei største nynorskbrukande avisene – dei står i ei særstilling når det gjeld nynorsken som ålment avisspråk – mellom dei reine lokalavisene og kommentaravisene for spesielt interesserte (Klassekampen, Vårt Land, Nationen, Dag og Tid). Det er svært viktig for nynorsken som normalt språk at han finst og vert brukt i desse avisene.
Språkpolitikken er svært ulik i desse avisene. I Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende har journalistane ein viss fridom når det gjeld språk, medan Aftenposten har bokmålstvang. Det same gjeld Fædrelandsvennen, som i sumar ikkje ville tilsetja ein journalist om ho ynskte å skriva nynorsk.
Avisene samarbeider alt i dag mykje om stoff. Når det gjeld fritids- og featurestoff, i tillegg til utanriksstoff, kan ein finna same artiklane i fleire av avisene. Etter ein fusjon er det grunn til å tru at bruken av fellesstoff kjem til å auka, og at det kjem til å verta utvida til fleire stoffområde. Sidan avisene dekkjer ulike geografiske område, har dei ulike lesarar, og det gjer det greitt å ha mykje likt stoff. Kvar avis kjem til å produsera mindre av stoffet sjølv. Aftenposten trykkjer ikkje artiklar på anna enn bokmål. Kva språk kjem fellesstoffet til å verta på då?
Det er stor sjanse for at denne fusjonen kjem til å redusera nynorskprosenten i dei avisene som tillèt nynorsk i dag, og forvisa nynorsken til lokalt stoff.
Samstundes som nynorsken elles slepper til i redaksjon etter redaksjon, er altså styra i Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad viljuge til å ofra nynorsken for å eta sure kirsebær med gammeltante Aftenposten. Styreleiarane i desse avisene må pressast til å svara på kva konsekvensar ein fusjon vil ha for avisspråket.
Samstundes er det stor motstand mot fusjonen. Styret i Adresseavisa har røysta for å utsetja forhandlingane, og dei tilsette i Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende er negative. Kan henda fusjonsplanane vert liggjande på is så lenge at Aftenposten har endra politikk og sleppt nynorsken til?
Norsk Tidend, nr. 4-2006