Gode nye og ukjende kringkastingssjef!
Eg veit ikkje kven du er. Du veit det kanskje ikkje sjølv enno? Du er kanskje ikkje spurd om jobben enno, du har kanskje ikkje eingong sett føre deg at du nokon gong kjem til å sitja i stolen til Bernander og Førde. Likevel vonar eg du er ein person som er oppteken av allmennkringkasting, og av kva NRK skal formidla, og då kan det henda du kjem til å lesa noko av det ulike folk og rørsler meiner om NRK. Difor skriv eg til deg, sjølv om du ikkje er ”fødd” som kringkastingssjef enno.
Her kjem ynskelista:
Overrask med nynorsk!
I dag fyller ikkje NRK sine eigne vedtekter som seier at det skal vera minst 25% nynorsk i verbalinnslag. Det er òg svært tradisjonelt i kva slags program ein finn nynorsk: Nyhende- og kulturprogram. I barne- og ungdomsprogramma er det nesten berre bokmål. I sporten er det nesten berre bokmål, og i laurdagsunderhaldninga. Kan du ikkje prøva å få inn nokre nynorskbrukarar der dei vil overraska mest?
Syn fram det språklege mangfaldet i landet!
I Noreg finst det mange språk og mange dialektar. Det finst om lag 600 000 nynorskbrukarar. For nynorskbrukarane gjev det sjølvtillit å få sjå og høyra språket sitt i nasjonale media. For alle andre er det å verta eksponert for nynorsk og dialekt nyttig folkeopplysing – det gjev eit breiare bilete av kva land dei bur i. Allmennkringkastinga har eit ansvar for å syna at ikkje alle snakkar som Skavlan og Almaas.
Meir nynorsk på nettet!
I dag definerer vedtektene til NRK nrk.no utanfor kjerneverksemda, og med det utanfor kravet om 25 prosent nynorsk. Dette er gamaldags. NRK.no har ein halv million unike brukarar kvar veke, og er mellom dei største nyhendeformidlarane på internett. Internett er ein viktig del av tilbodet til NRK, og då er det rimeleg at nrk.no følgjer den same språkprofilen som NRK elles.
Lag språkreglar for framtida!
I den næraste framtida kjem NRK til å oppretta fleire nye kanalar, mellom anna ein barnekanal og ein nyhendekanal. Det er viktig at det vert stilt krav om 25 prosent nynorsk i desse òg!
Lat ungane verta kjende med heile landet og heile språket!
For mange born vert Barne-tv ein introduksjon til bokmålsverda, eit språkbad i bokmål. Slik treng det ikkje vera. Eg ynskjer meg at NRK i tillegg til å halda fram med å produsera barne-tv i Tromsø, kan tinga dubbing til nynorsk og dialekt i utanlandske seriar, og tilsetja programleiarar i barneprogramma med ein litt breiare geografisk bakgrunn enn ”Oslo-området”.
Til slutt: Ta i mot hjelp!
Me i Kringkastingsringen har mange idear til korleis du kan få inn meir nynorsk og dialekt i NRK. Me vil gjerne verta inviterte på møte for å snakka om det. Dessutan har du jo eit eige senter i Førde som utdannar nynorskjournalistar. Der står det flinke folk i kø for å verta brukte i all slags journalistikk – bruk dei!
Eg vonar at du som vert kringkastingssjef les denne ynskelista. Om ikkje du gjer det før du vert spurd om å ta jobben, skal me syta for at du får sjansen etterpå.
God jol!