Kven har ballen?
No er det snart to år sidan Noregs Mållag og Norsk Målungdom aksjonerte for å få nynorsk inn i riksavisene i kampanjen Slepp nynorsken til. I januar følgde Kringkastingsringen opp med eit seminar der undertittelen var ”nynorskingar i riksmedia”. Føremålet var å stilla spørsmålet frå ein annan kant: korleis er det for nynorskingar å få arbeid i riksmedia? Kvifor reagerer ikkje dei på det redaksjonelle forbodet mot nynorsk som vert praktisert i Akersgata? For å svara på det hadde me invitert både journalistar og redaktørar.
Journalistane i panelet spegla vel stoda blant nynorskbrukane. Somme nekta av prinsipp å skriva på bokmål. For andre var det eit praktisk spørsmål – dei kunne gjerne tenkt seg å skriva nynorsk, men den interessa var klårt underordna ønsket om å få jobba i ei riksavis. Nokre fekk klagar frå bokmålsfolk fordi dei nytta nynorsk, og andre fekk klagar frå nynorskfolk fordi dei nytta nynorsk. Det var nyttige synspunkt, men det fortel oss ikkje korleis me skal få meir nynorsk i media. Det hjelper lite med moralsk harme på nynorskingar fordi dei ikkje er ihuga nok målfolk.
Difor var det godt at redaktørpanelet tok ansvar i andre økta. Dei tok klårt og tydeleg ansvaret for stoda: Det er redaktøren som avgjer kva språk journalistane skal nytta. Styret og eigarane har lite å seia.
Mindre godt var det at dei ikkje kunne fortelja kvifor det var slik. Me fekk høyra at det ikkje nett var slik at dei ikkje ville sleppa nynorsken til, så udanna var dei ikkje, men dei hadde rett og slett aldri vorte spurde. Når dei så vart spurde, så våga dei ikkje: I ei tid då opplaget søkk og framtida ser mørk ut, vågar dei ikkje å endra på formelen. Nei, då er det betre å gå ned med bokmålet til topps.
Mot slike troll er det vanskeleg å kjempa. Det let seg sjølvsagt ikkje bevisa at nynorsk i riksavisene vil føra til det eine eller det andre. Målfolk kjøper VG sjølv om det berre er på bokmål, nett slik bokmålsbrukarar hadde kjøpt VG om det var ei og anna sak på nynorsk der. Det er heilt andre faktorar som avgjer framtida for papiravisene, men korleis kan ein argumentera mot fordomen om at andre har fordomar? Seminaret gjorde det klårt at det må forskast meir på korleis det redaksjonelle målet vert styrt, og kva følgjer det har. Denne saka er for viktig til at redaktørane kan tru seg fram til korleis lesarane kanskje kjem til å reagera.
Det trivelegaste nyhendet på seminaret var at redaktøren for motebladet Elle følte seg tryggare på lesarane sine. Signy Fardal lova å prøva ut nynorsk på lesarane sine i vår. Me gler oss over at nynorsken kjem inn på nye område, og er viss på at røynslene frå det forsøket kan nyttast til å brøyta vegen for meir nynorsk, òg i andre deler av rikspressa.
Norsk Tidend, nr. 1-2007