Ny NRK-plakat = meir nynorsk

Målrørsla vann ein liten, men viktig siger ein fredag i byrjinga av november.

I den nye NRK-plakaten og Stortingsmeldinga om plakaten, vert kravet til 25 prosent nynorsk i NRK no omdefinert slik at kravet ikkje lenger berre gjeld ”kjerneverksemda” i NRK. Kravet gjeld for alt NRK produserer, for alle ”formidlingsplattformene”. Med andre ord: i alt NRK produserer skal det vera 25 prosent nynorsk.

Er dette noko nytt då, spør du kanskje. Alle veit jo at NRK har reglar om bruk av minst 25 prosent nynorsk i sendingane sine, og har hatt krava i mange år. Sjølv om det er sjeldan at NRK faktisk når desse krava, har det alltid vore eit viktig språkpolitisk krav at det skal vera ein viss del nynorsk i NRK. Media speglar haldningar til språk, og media skaper haldningar til språk. For mange som bur i område der bokmålet dominerer, er NRK ein av dei få stadene der ein ser og høyrer nynorsk. Det veit målrørsla, og difor har vi alltid hatt eit auge med på statistikkføringa av nynorskbruken i NRK.

Men tidlegare har ikkje bruken av nynorsk i NRK gjeldt alle delar av NRK si verksemd –
berre i det som har vorte definert som kjerneverksemda. Til no har bruken av nynorsk vore regulert ved setninga ”Minst 25 pst. av verbalinnslagene skal være på nynorsk” i NRK sine vedtekter. Kjerneverksemd er definert som fjernsynskanalane NRK1 og NRK2 og radiokanalane P1, P2 og P3. Den nye kanalen NRK3, med barnekanalen NRK Super, Alltid Nyheter er berre noko av NRK sitt tilbod som er definerte vekk frå kravet om 25 prosent nynorsk i fylgje dei gamle vedtektene. Men det verste har truleg vore at Internett har vore definert utanfor kjerneverksemda.

NRK sine heimesider er ei av dei mest besøkte sidene på Internett. Folk surfar ikkje lenger innom nrk.no for å finna ut om fjernsynsprogrammet i kveld, eller kikkar på nyhende. Folk brukar sidene meir aktivt, ein ser på gamle tv-klypp, radio-klypp, spelar spel, og diskuterer med kvarandre. At NRK dimed ikkje har hatt krav til bruk av nynorsk på nettet, har sjølvsagt ført til at det har vore lite – og er lite – nynorsk på sidene. Fordi så mange brukar sidene, har vi i Kringkastingsringen teke opp dette spørsmålet med NRK-leiinga på våre årlege møte med kringkastingssjefen. Til no har kringkastingssjefen og staben hans kunna gøymt seg under at det ikkje har vore krav om nynorsk på nettet, sidan det har vore utanfor ”kjerneverksemda”.

Men no kan ikkje NRK gøyma seg vekk lenger. For i NRK-plakaten står det: ”NRKs tilbud skal i hovedsak bestå av norskspråklig innhold. Begge de offisielle målformene skal benyttes. Minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk.” NRK-plakaten er ein overordna styringsplakat for NRK, og plakaten sitt innhald skal erstatta dei noverande vedtektene.

Vi har altså krav på å høyra minst 25 prosent nynorsk og å lesa minst 25 prosent nynorsk - også på Internett og i barnekanalen NRK Super. Og NRK veit at vi kjem til fylgja godt med framover!

Denne teksten står på trykk i Norsk Tidend nr. 5-2007.