Meir nynorsk i NRK
I den nye NRK-plakaten og Stortingsmeldinga om plakaten, vert kravet om 25 prosent nynorsk i NRK omdefinert slik at kravet ikkje lenger berre gjeld "kjerneverksemda" i NRK, men for alle dei ulike ”formidlingsplattformene” i kanalen. I alt NRK no produserer skal det vera minst 25 prosent nynorsk.
Tidlegare har ikkje bruken av nynorsk i NRK gjeldt alle delar av verksemda – berre i det som har vorte definert som kjerneverksemda. Bruken av nynorsk vore regulert ved setninga "Minst 25 pst. av verbalinnslagene skal være på nynorsk" i NRK sine vedtekter. Kjerneverksemd er definert som fjernsynskanalane NRK1 og NRK2 og radiokanalane P1, P2 og P3. Den nye kanalen NRK3, barnekanalen NRK Super og Alltid Nyheter har blitt definerte vekk frå kravet om 25 prosent nynorsk. Men det verste har truleg vore at Internett har vore definert utanfor kjerneverksemda. NRK sine heimesider er ei av dei mest besøkte sidene på Internett. At NRK dimed ikkje har hatt krav til bruk av nynorsk på nettet, har sjølvsagt ført til at det har vore lite – og er lite – nynorsk på sidene.
Kringkastingsringen har teke opp dette spørsmålet med NRK-leiinga på våre årlege møte med kringkastingssjefen. Til no har kringkastingssjefen og staben hans kunna gøymt seg under at det ikkje har vore krav om nynorsk på nettet, sidan det har vore utanfor "kjerneverksemda".
Men no kan ikkje NRK gøyma seg vekk lenger! NRK-plakaten er ein overordna styringsplakat for NRK, og innhaldet i plakaten skal erstatta dei noverande vedtektene. I NRK-plakaten står det: "NRKs tilbud skal i hovedsak bestå av norskspråklig innhold. Begge de offisielle målformene skal benyttes. Minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk"
Kringkastingsringen reknar det som sjølvsagt at NRK vil gjera alt dei kan for å oppfylla dette nye kravet.
Eva Marie Mathisen
dagleg leiar i Kringkastingsringen
post@kringkastingsringen
Lesarbrevet stod på trykk i Klassekampen, fredag 23. november.