Pressemelding frå Kringkastingsringen, 27.06.2008:
– Opprettinga av Vinjefondet gjer dette til ein festdag. Her leverer regjeringa det tiltaket som trengs for å styrkja nynorsk i media, seier styreleiar i Kringkastingsringen Håvard B. Øvregård. Han er glad for at regjeringa no har konkretisert det fire år gamle løftet om å oppretta eit fond for å stimulera til nynorsk journalistikk.[1]
Ideen om Vinjefondet vart lansert som ein del av Kulturløftet i 2004[2], og i forhandlingane om statsbudsjettet same året gjorde Senterpartiet framlegg om å setja av 10 millionar kroner til føremålet[3]. I Soria Moria-erklæringa gjentok regjeringspartia ambisjonen om å "stimulere til økt bruk av nynorsk i media"[4].
– Med Språkmeldinga lovar regjeringspartia konkrete tiltak for styrkje nynorsken i media, seier Øvregård. Dette er vi visse på vil gje resultat. Nynorsk mediesenter i Førde, som utdannar nynorskjournalistar til NRK, har synt at slike tiltak har ein svært god effekt.
Øvregård gå ut frå at fondet vert teke med alt i statsbudsjettet for 2009, og at departementet raskt kjem i dialog med redaktørar, journalistar og faginstitusjonar om korleis det best kan nyttast.
Kringkastingsringen har lenge arbeidd for å få på plass tiltak for å styrkja nynorsken i media, og skipa mellom anna til seminaret "Nynorskingar i riksmedia" i januar 2007, der ein sette søkjelyset på tilhøva for nynorskjournalistar i riksmedia.
For meir informasjon, kontakt:
Håvard B. Øvregård, styreleiar, tlf. 917 73 157
[1] St.meld. nr. 35 (2007-2008), avsnitt 9.1, punkt 6 (side 212) [2] http://www.kulturloftet.no/sql/k.15.php, punkt 11 [3] http://www.stortinget.no/inns/2004/200405-240-006.html, punkt 5.7.1 [4] http://www.sv.no/partiet/regjering/regjeringsplattform/kap14/, punktet "Språk, litteratur og media"