Glade for 0,5 million til førebuing av Vinjefondet

I framlegget til statsbudsjett for 2009 har regjeringa øyremerkt 500 000 kroner "til å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk".[1]

– Vi er glade for at det vert sett av ein halv million til førebuing av Vinjefondet, seier Håvard B. Øvregård, styreleiar i Kringkastingsringen.

I språkmeldinga seier regjeringa at det skal opprettast eit eige fond, Vinjefondet, "med hovudformål å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd."[2] Fondet var ein del av Kulturløftet frå 2004.[3]

– Med ei slik løyving viser regjeringa at dei er villige til å stilla opp med konkrete tiltak for å styrka nynorsk i media, seier Øvregård. Han oppmodar redaktørar, journalistar og faginstitusjonar til å gå i dialog med departementet om korleis midlane best kan nyttast.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, styreleiar i Kringkastingsringen, tlf. 917 73 157

[1] http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/pressesenter/pressemeldinger/2008/7...
[2] St.meld. nr. 35 (2007-2008), avsnitt 9.1, punkt 6 (side 212)
[3] http://www.kulturloftet.no/sql/k.15.php, punkt 11

Les meir om Vinjefondet