1. Halda fram arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram
I 2008 oppnådde vi både å styrkja det politiske presset på NRK om at den systematiske underoppfyllinga av 25 prosent-kravet ikkje er akseptabel, og ei aukande forståing internt i NRK for at dette er eit problem dei må løysa. Utfordringa frametter er å både halda ved like presset i ålmenta og frå politisk hald, samstundes som vi fører vidare det gode samarbeidet med NRK.
Tiltak:
2. Arbeida for meir nynorski etermedia elles
Dei siste åra har Kringkastingingsringen arbeidd særleg med språket i barne- og ungdomsprogram. Dette er eit viktig arbeidsfelt som har gjeve resultat, men det er òg viktig å følgja opp arbeidet i etermedia elles. NRK ligg framleis eit stykke unna 25 prosent-kravet i fleire kanalar, og det er tvilsamt kor mykje ein del av dei konsesjonsbelagte radiokanalane slepper til nynorsk og dialektar. Samstundes er 2009 siste året TV2 er underlagt konsesjon, og det er viktig å syta for at kanalen held oppe den sterke dialektprofilen sin.
Tiltak:
3. Setja fokus på journalistutdanninga
I dag får ikkje alle journaliststudentar tilstrekkeleg utdanning i nynorsk som aktuelt bruksspråk. Slik kan dei bli dei utdanna til å oppfatta bokmål som det normale mediaspråket.
Tiltak:
4. Etablera Vinjefondet
I Statsbudsjettet for 2009 er det sett av 0,5 millionar til førebuingar av Vinjefondet. Dersom fondet skal verta etablert, er det viktig at det i år kjem gode tiltak på bordet fondet kan nyttast til.
Tiltak:
5. Laga ein strategi for det nye mediebiletet
Kringkastingsringen har tradisjonelt arbeidd opp mot allmennkringkastarar som er underlagte konsesjon. Det er viktig å markera oss sterkt innanfor dette segmentet av etermedia, men samstundes må vi i større grad ta inn over oss at det tradisjonelle mediabiletet har endra seg. «Konsesjonsfrie» TV-kanalar utgjer ein stadig større del av mediekvardagen, og det same gjer mylderet av nettaviser, som i stadig større grad vert «multimediale» og nyttar ljod og bilete. Sams for desse er at vi manglar dei politiske verkemidla vi har nytta for å få meir nynorsk inn i NRK og TV2.
Tiltak:
6. Markera Kringkastingsringen som ein mediemålpolitisk aktør
Det er viktig å markera at Kringkastingsringen er ein organisasjon som set målpolitikk i media på dagsorden, og at vi er ein ressurs på det feltet.
Tiltak:
7. Styrkja organisasjonen
Den viktigaste ressursen Kringkastingsringen har, er medlemmene våre. Dei gjev oss både tyngd som interessseorganisasjon og økonomiske ressursar til å driva det utetterretta arbeidet vårt. Difor er det viktig å rekruttera nye medlemer og auka medlemstalet i 2009.
Tiltak: