Medan vi ventar på nynorsken

Medietilsynet har nett lagt fram Allmennkringkastingsrapporten for 2008. Det er neppe noka overrasking at NRK framleis ikkje greier kravet om å nytta minst 25 prosent nynorsk og dialekt, men det må vera lov å undra seg over at det ikkje går framover heller.

Eg skal vera den fyrste til å vedgå at prosenttala som kjem fram i Allmennkringkastingsrapporten ikkje gjev heile biletet av nynorskbruken i NRK. Sjølvsagt er det viktig at nynorsk vert brukt overalt og i program med høg prestisje. Likevel er prosentgrafane det næraste vi kjem eit oversynsbilete.

I fjor synte rapporten (for 2007) at nynorskbruken såg rimeleg stabil ut, men likevel under minstekravet. Medietilsynet konkluderte den gongen med at dette var for dårleg, og etterlyste at tiltaka NRK har sett i verk skulle gje resultat. Informasjonsdirektøren i NRK, Sigurd Sandvin, la seg flat, og uttalte at det ikkje var nokon grunn til at NRK ikkje greia kravet.

Rapporten i år, som altså gjev oversynet for 2008, fortel om ein faktisk nedgang jamført med 2007 i alle kanalane, bortsett frå "verstingen" NRK2. Tala frå seriekanalen NRK3 og barnekanalen NRK Super er ikkje med i oversynet, men det er lite sannsynleg at dei er mykje betre enn resten av kanalane. I rapporten står det òg at NRK har sett i verk tiltak i andre halvår i fjor, men at desse ikkje var nok til å redda statistikken.

Det er sjølvsagt oppmuntrande å lesa at det er sett i gang tiltak, men det får ein òg til å lura på kor dårleg det eigentleg stod til i fyrste halvår. Det er òg lett å hugsa på at dette er tredje året på rad at rapporten fortel at NRK har sett i gang tiltak, og peikar på Nynorsk mediesenter som eit særleg viktig eitt. Då vert ein ikkje så munter lenger.

Medietilsynet har, på same måte som til dømes Stortinget, gjort det heilt klart at 25 prosent nynorsk og dialekt er eit krav. Då er det ikkje nok med spreidde tiltak som tilsynelatande ikkje verkar. NRK må utarbeida ein gjennomgripande plan for korleis dei skal koma seg i hamn, og kva som skal til. Førre månad lyste dei ein handfull stillingar for å betra nettsatsinga si. Ressursane finst altså når det er viktig.

10. juni er det generalforsamling i NRK. Det er eit godt høve for kulturminister Trond Giske til å minna kringkastingssjefen på at nynorskkravet står tydeleg i Allmennkringkastingsplakaten, og be om ein konkret plan, ikkje berre gode tiltak.