PRESSEMELDING FRÅ KRINGKASTINGSRINGEN, 09.10.2009
Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen, er svært glad for at TV 2-sjefen Alf Hildrum no varslar at kanalen vil søkja om ny konsesjon for allmennkringkasting.
- Heilt sidan TV 2 gjekk på lufta har dei gjeve eit verdfult tilskot til allmennkringkastinga her i landet. Dei har vore ein føregangskanal når det gjeld å bruka dialekt i alle typar sendingar, og den sterke
bergensredaksjonen har gjort at dei ofte har vinkla saker på ein annan måte, seier Toft.
- Når dei no varslar at dei vil søkja om ny konsesjon, tyder det at dei vil forplikta seg å føra dette allmennkringkastingsoppdraget vidare. Det er svært gledeleg.
Nyhenda om at TV 2 vil søkja om ny konsesjon kom samtidig med at TV 2-sjefen la fram ei tiltakspakke for å kutta kostnadene i kanalen. Kulturminister Trond Giske kunne fortelja til VG Nett at regjeringa
ønskte å lysa ut ny konsesjon for allmennkringkasting, men la vekt på at det måtte vera ein open prosess der andre òg fekk høve til å søkja.
Martin Toft meiner det er viktig at Kulturdepartementet stiller klare krav i ei ny utlysing:
- Ein viktig føresetnad for å kunne kalla seg allmennkringkastar, er at ein speglar språk- og kulturmangfaldet i Noreg. Det tyder mellom anna å gje rom for nynorsk, dialekt og samisk i sendingane.
Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen.
E-post: martin@kringkastingsringen.no
Telefon: 415 14 038
http://www.kringkastingsringen.no/files/images/martintoft_web2.jpg
Tarjei Vågstøl, dagleg leiar
E-post: tarjei@kringkastingsringen.no
Telefon: 452 31 489