– Flott at Stenvold får bruka dialekt

Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen, er positiv til at Ingerid Stenvold har fått dispensasjon frå kravet om å bruka normalisert nynorsk eller bokmål i Dagsrevyen.

– Stenvold har ein flott dialekt, og kommuniserer godt og tydeleg, seier Toft.

Han meiner at hovudregelen må vera at NRK-tilsette skal nytta anten nynorsk eller bokmål i nyhendesendingar. Han meiner likevel at det var rett å gjera eit unnatak for Ingerid Stenvold, som fekk Kringkastingsprisen i 2007 for nettopp dialektbruken sin.

– Ho har brukt dialekten sin gjennom heile karrieren som NRK-journalist, både i Sporten, Sommeråpent og Lydverket. Målselv-dialekten har rett og slett vorte eit «varemerke» for henne.

Toft vonar likevel at det ikkje vert vanleg å gje slike dispensasjonar.

– Det er viktig at nynorsken òg finst som eit talespråk, og nyhenda har vore eit viktig rom for nynorsk tale.

I år gjekk Kringkastingsprisen til kanalvert Yasmin Syed, som nyttar eit normalisert nynorsk med vesttelemarksuttale.

Les meir om saka hjå VG.