Håvard B. ØvregårdHåvard B. Øvregård frå Volda er ny leiar i Kringkastingstingsringen. Øvregård vil prioritere arbeidet med meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram på fjernsynet. – Barne- og ungdomsprogram gjev born og unge eit bilete av kva som er det «normale» språket. Når desse sendingane i dag er dominert av sendetimar på bokmål og bokmålsnære dialektar er dette svært uheldig, seier Øvregård.
– I dag fungerer svært mange barne og ungdomsprogram som bokmålske språkbad for ungane våre. Mange born høyrer aldri sin eigen dialekt på barne-TV, og heller ikkje sitt eige opplæringsmål. Denne einsrettinga syner manglande forståing for det språklege mangfaldet vi har i Noreg, At målgruppa her er born og unge gjer det ekstra provoserande, seier ny leiar i Kringkastingsringen Håvard Øvregård. For desse borna vert fjernsynet ein introduksjon til bokmålverda. For dei vert oslomålet og bokmålet synonymt med det normale. Dette vil vi ikkje akseptere.
Andre saker Kringkastingsringen vil prioritere i det komande året er mellom anna; arbeida for at Medietilsynet skal kunne nytta sanksjonar mot allmennkringkastarane når dei ikkje oppfyller sine eigne lovnader i konsesjonssøknaden knytt til språk og arbeida for at registreringa av nynorsk speglar den faktiske bruken av nynorsk i NRK og at det òg må registrerast målbruk på nrk.no.
Håvard B. Øvregård er 30 år, studerer på Universitetet i Oslo, og fungerer no som dagleg leiar i Radio Nova, Studentradioen i Oslo. Han har brei organisatorisk og politisk erfaring, mellom anna frå Norges Gymnasiastsamband, Norsk Målungdom, Landsrådet for Norske Barne- og Ungdomsorganisasjonar, Høgre, og den europeiske ungdomsparaplyorganisasjonen ”European Youth Forum”.