Høyringsfråsegn frå Kringkastingsringen
Allmennkringkastingsplakat for NRK
Kringkastingsringen er ein politisk ubunden organisasjon som arbeider for interessene til nynorskbrukarane andsynes allmennkringkastarane. Organisasjonen vart skipa i 1955, og har i dag om lag tusen medlemer. Vi samarbeider tett med dei andre nynorskorganisasjonane, og saman med Noregs Mållag og Mediemållaget har vi årlege møte med leiingane i NRK og TV 2 der vi tek opp språkpolitikken deira.
Føremålet vårt er å arbeida for at nynorsk, dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga. Kringkastingsringen er glad for at NRK slår fast i framlegget til allmennkringkastingsplakat at NRK skal arbeida for styrking av norsk og samisk språk, identitet og kultur. Vi er også nøgde med at framlegget slår klart og tydleg fast at NRK pliktar senda program som er produserte i distrikta.
Bokmål er det dominerande skriftspråket i Noreg, og det vil i mange tilfelle kjennest som det «naturlege» og ukontroversielle valet mellom dei to målformene våre. For at nynorsk i det heile skal eksistera som eit mediespråk, er det heilt naudsynt at allmennkringkastarane er pålagde å bruka ein viss del nynorsk. Dette kravet har vore formulert noko ulikt for NRK og TV 2: NRK har gjennom vedtektene vore pålagt å nytta minst 25 prosent nynorsk i verbalinnslaga «kjerneverksemda» (jf. paragraf 3-4 i gjeldande vedteker). I konsesjonen for TV 2, derimot, er det berre slått fast at dei skal nytta nynorsk og bokmål. Sidan NRK er ein statseigd, lisensfinansiert kringkastar, meiner Kringkastingsringen at det er naturleg at dei har eit meir konkret krav om nynorsk.
Den nye mediekvardagen, der nettet er ein stadig viktigare formidlingskanal, gjer at det er naudsynt å endra vedtektene til NRK for å syta for nynorsk òg får ein rimeleg plass innan «nye medium». I dag har NRK rekna det som ei friviljug sak å følgja kravet om 25 prosent nynorsk utanfor dei tre radiokanalane og to fjernsynskanalane.
Difor er Kringkastingsringen glad for at framlegget til allmennkringkastingsplakat opphever skiljet mellom kjerneverksemd og annan redaksjonell verksemd, og set fram eit krav om 25 prosent nynorsk i alt NRK kringkastar.
Like viktig som at NRK har føresegner som krev ein viss nynorskdel, er det diverre at desse føresegnene vert følgde, og at nynorskprosenten vert oppfølgd i alle kanalar og innanfor alle programsegment.
I Allmennkringkastingsrapporten 2006 får NRK kritikk for at dei ligg langt unna å oppfylla kravet om 25 prosent nynorsk, særleg i NRK2. Faktisk gjekk nynorskbruken i kanalen ned frå 2005 til 2006, trass i at NRK hadde forklart det låge talet i 2005 som eit resultat av spesielle omstende. I fleire møte med NRK har Kringkastingskringen dessutan teke opp problemet med at barneprogramma til NRK er nærast totalt dominerte av bokmålstale, særleg bokmål med standardisert austlandsuttale.
I framlegget vi har fått til høyring, er ikkje nynorskkravet spesifisert nærare. Kringkastingskringen meiner at dette kravet må gjelda slik at kvar kanal (og Internett) i NRK har eit krav om nytta minst 25 prosent nynorsk.
Det er òg eit problem at NRK ikkje møter reaksjonar når dei år etter år ikkje greier å oppfylla den nynorskprosenten vedtektene krev. Kringkastingskringen innser at allmennkringkastingsplakaten neppe er staden å spesifisera sanksjonar, men vil likevel oppmoda Kulturdepartementet om å slå fast andsynes NRK at kravet om 25 prosent nynorsk er eit minstekrav, og krevja tiltak for å nå dette målet innan rimeleg tid.