Vedteken på årsmøtet 17.03.2011
1. Halda fram arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram
Det er brei politisk semje om at nynorsk og dialektar er særleg viktig i barne- og ungdomsprogram. Samtidig er den barnekanalen på NRK, NRK Super, blant dei kanalane hjå NRK som bruker minst nynorsk (16 prosent i 2009).
Dei siste tre åra har vi likevel hatt eit nært samarbeid mellom målrørsla og NRK Super, og etablert halv-årlege møte der leiinga for kanalen vitrar om arbeidet for å få meir nynorsk.
Vi vil halda fram det gode samarbeidet med NRK, men samstundes arbeida for å halda opp det politiske presset om å minst greia minstekravet om 25 prosent nynorsk.
Tiltak
- Halda fram med å ha møte med NRK Super-leiinga
- Knyta kontaktar med produsentmiljø i og utanfor NRK for å sjå korleis vi kan stimulera til fleire produksjonar på nynorsk
- Krevja betre stønadsordningar for uavhengige produsentmiljø som vil produsera norskspråklege barnefjernsynsprogram.
- Krevja at nrk.no og DAB-kanalane (mellom anna NRK Super-radio) skal rapportera nynorskbruk på lik linje med primærkanalane.
- Arbeida for at NorDubb Volda kan utvida drifta, og for at det vert etablert fleire kommersielle dubbingverksemder som kan dubba til nynorsk og dialekt.
- Etablera kontakt med dei kommersielle barnekanalane
2. Arbeida for meir nynorsk i etermedia elles
NRK ligg framleis under 25 prosentkravet i alle andre kanalar enn NRK P1, og det er tvilsamt kor mykje ein del av dei konsesjonslagde radiokanalane slepper til nynorsk og dialektar. Samstundes vil vi arbeida for at TV 2 skal halda oppe den sterke dialektprofilen sin.
Tiltak
- Markera oss offentleg i ordskiftet når Allmennkringkastingsrapporten kjem
- Ha møte med Kringkastingssjefen om stoda for nynorsk i NRK
- Ha møte med TV 2
- Arbeida for at nynorsk og dialekt skal vera ein del av konsesjonsvilkåra for nye kanalar på DAB-nettet.
3. Setja fokus på journalistutdanninga
I dag får ikkje alle journaliststudentar tilstrekkeleg utdanning i nynorsk som aktuelt bruksspråk. Slik kan dei bli dei utdanna til å oppfatta bokmål som det normale mediespråket.
Tiltak
- Bidra til at det vert skipa til opne møte/seminar/diskusjonar på journalistutdanninga i Oslo om å skrive på nynorsk og bokmål, gjerne i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Mediemållaget
- Arbeida politisk for å få nynorskopplæring sterkare inn i planane for journalistutdanningane utdanningane for audiovisuell produksjon.
4. Styrkja organisasjonen
Den viktigaste ressursen Kringkastingsringen har, er medlemmene våre. Dei gjev oss både tyngd som interesseorganisasjon og økonomiske ressursar til å driva det utetterretta arbeidet vårt. Vi har svært lojale medlemer, men dei vert eldre og eldre, og det er liten nyrekruttering.
Å auka medlemstalet er difor ei viktig oppgåve i 2011.
Tiltak
- Ha vervekampanje våren 2011, der målet er minst 100 nye medlemer
- Gje ut 3 nummer av Kringom
- I større grad nytta heimesidene og andre kanalar på internettet for å nå ut med politikken vår
5. Betra samarbeidet med Noregs Mållag
I dag deler Kringkastingsringen og Noregs Mållag skrivarstove i Schweigaards gate 16. Kontakten er god, særleg sidan dagleg leiar i Kringkastingsringen er tilsette i 20 prosent stilling for Noregs Mållag, og leiaren i Noregs Mållag er tidlegare leiar i Kringkastingsringen. Likevel samarbeider dei to organisasjonane lite om anna enn konkrete målpolitiske saker (som møta med NRK). I 2011 har vi byrja drøftingar med NM om korleis vi kan samarbeida betra, med føremålet å frigjera meir av arbeidstida dagleg leiar til å driva mediepolitikk.
2011 skal Kringkastingsringen og Noregs Mållag verta samde om ei plan for meir samarbeid og meir målarbeid i media.
6. Markera Kringkastingsringen som ein mediemålpolitisk aktør
Det er viktig å markera at Kringkastingsringen er ein organisasjon som set målpolitikk i media på dagsorden, og at vi er ein ressurs på det feltet.
Tiltak
- Skipa til eit seminar på Dei nynorske mediedagane
- Dela ut Kringkastingsprisen
- Delta i det mediepolitiske ordskiftet gjennom presseutspel og lesarbrev ein gong i månaden.
- Delta på seminar om små europeiske språk i media, Brussel 31.05.2011
- Styret skal i arbeidsåret laga ein strategi for å få inn nynorsk og dialekt i nettaviser og ikkje–regulerte, norskspråklege etermedia.

Pingback: Årsmøte i Kringkastingsringen | Kringkastingsringen