Arbeidsplan 2007

Vedteken på årsmøtet 13.03.2007.

Det har aldri funnest så mange ulike massemedium i samfunnet som i dag, og nynorsk vert nytta i radio, fjernsyn, aviser, fagblad og på nettstader. Truleg har det aldri vorte nytta meir nynorsk i media. Samstundes opplever me at nynorsken vert utestengt frå fleire riksdekkjande aviser, medan allmennkringkastarane framleis ikkje klarer å oppfylla krava om språkleg rettferd.

Det er viktig at nynorsk vert nytta i media, fordi media har så stor og sentral plass i samfunnet vårt og i livet til kvar enkelt av oss. Likeeins er det viktig korleis språket vert nytta i media. For å styrkja det nynorske språket er ein avhengig av at det vert nytta i alle delar av media og i alle typar program. Nynorsk eignar seg like godt i underhaldningsprogram som i nyheitsprogram.

I ei tid med kommersialisering av media, i tillegg til stadig nye kanalar, vert allmennkringkastinga sett under press. Det er ei viktig oppgåve å sikra at eit slikt tilbod framleis kan haldast oppe. Samstundes må krava overfor allmennkringkastarane og dei kommersielle kanalane om å spegla det språklege mangfaldet i Noreg, skjerpast.

Stortingsvalet i 2005 endra samansetninga av storting og regjering. Det er viktig for Kringkastingsringen å arbeida i høve til dei nye politiske styresmaktene, slik at desse på best mogleg måte legg forholda til rette for eit språkleg mangfald i media. Den mest sentrale ordninga er pressestøtta som gjer det mogleg å oppretthalda ei rekkje lokalaviser og meiningsberande aviser.

Kringkastingsringen vil derfor:

Arbeide for meir nynorsk i barne og ungdomsprogram

Barne – TV og program for ungdom er viktige i forminga av barn og unge sitt bilete av kva som er det normale språket. I dag fungere desse programma som bokmålske språkbad.

Ottar Grepstad peikar i Nynorsk Faktabok på at barne- og ungdomsredaksjonen i NRK er ein av dei redaksjonane der det er tilsett færrast nynorskbrukarar av alle NRK sine avdelingar.

Hjå TV2 har dei både ettermiddagsendingar på kvardagane for ungdom og barne-TV i helgene. Her er det svært lite nynorsk og dialekt. Barne-TV sendingane deira er fylt opp med for det meste utanlandske seriar som TV2 får teksta til bokmål. Her kunne TV2 med enkle grep berre bestilt innlesing på nynorsk og dialekt. Teksting av barne- og ungdomsprogram på nynorsk førekjem nesten ikkje korkje på NRK eller i TV2.

Særleg vert det viktig å syta for at nynorsk er godt representert i den nye barne- og ungdomskanalen til NRK, som startar opp 1. desember 2007.

Det er viktig at Kringkastingsringen framover arbeider for meir nynorsk og dialekt hjå både TV2 og NRK. Dette kan gjerast gjennom:

  • Direkte møte med barne- og ungdomsavdelingane i NRK og TV2
  • overvåking av språkbruken i dei ulike programma og på Internettsidene deira.
  • Aktivt press på redaksjonane gjennom lesarbrev og medieutspel
  • Nytte denne saka i verving.
  • Arbeide for produksjon av barne-TV på nynorsk/dialekt
  • Lysa ut eit mastergradstipend på kr. 25.000,- til studentar som skriv om emne det et interessant for Kringkastingsringen å vite meir om. Slik knyter vi til oss kompetanse samstundes som vi oppmodar til at det vert forska på problemstillingar knytt til vårt virkeområde.
  • Knytte nærare kontakt med Løvebakken Mållag
  • Vurdere eit nærare samarbeid med andre lydar- og sjåarorganisasjonar.
  • følgja utviklinga ved distriktskontora i NRK for å hindra fleire samanslåingar og nedlegging.
  • følgja utviklinga i samfunnet og i media for å kunne vera på banen og ta initiativ når det skjer viktige saker.
  • følgja utviklinga til pressestønaden som gjer det mogleg å oppretthalda ei rekkje lokalaviser og meiningsberande aviser
  • halda årleg kontakt med kringkastingsselskapa for å vera orienterte om utviklinga, og for å fremja interessene til nynorsk språk.
  • arrangere kurs og møte i tråd med målsetjinga til Kringkastingsringen.
  • øve politisk press mot Kulturdepartementet, Stortinget og dei politiske partia.
  • gjenta suksessen frå jubileumsveka i 2005 med lunsj og lyrikk på Det Norske Teatret.
  • dela ut Kringkastingsprisen våren 2007
  • gje styremedlemmene eigne ansvarsområde i høve til dei problemstillingane som Kringkastingsringen arbeider med.
  • gje ut til saman 4 nummer av medlemsbladet Kringom i 2007
  • ha eit strategiseminar i styret for å diskutera korleis me kan tilpassa arbeidet vårt den nye mediasituasjonen
  • arbeide for å få aktivisert medlemmer utanfor styret.
  • auka medlemstalet gjennom verving.

Organisatorisk

Andre saker

Arbeida for at Medietilsynet skal kunne nytta sanksjonar mot allmennkringkastarane

I 2005 tok Medietilsynet over tilsynet med allmennkringkastinga, og allmennkringkastingsrapporten. I dette høvet har medietilsynet blitt tildelt høve til sansjonar. Sanksjonar kan i dag berre gjevast ved brot på konsesjonsvilkåra fastsett i Kringkastingslova. Kringkastingsringen ynskjer at Medietilsynet òg skal ha høve til å reagere over for manglande vilje til dialektbruk og nynorskbruk.

År etter år peikar allmennkringkastingsrapporten på manglande oppfyllinga av dei krava til språkbruk og dialektmangfald som kanalane sjølve har lova i konsesjonssøknaden. I dag får allmennkringkastarane åtvaring etter åtvaring utan at noko skjer.

Setja fokus på journalistutdanninga

I dag får ikkje journaliststudentane noka utdanning i nynorsk. Slik blir dei utdanna til å oppfatta bokmål som det normale mediaspråket. Kringkastingsringen vil arbeida politisk andsynes Stortinget og Kunnskapsdepartementet for å få nynorskopplæring inn på pensum i journalistutdanninga og bruka Vinjefondet for å stimulera til tiltak som kan fremja meir nynorsk i media. Vi vil òg skipa til opne møte på journalistutdanningane i Oslo og Volda, gjerne i samarbeid med lærestadene.

Møta utfordringane frå den nye mediekvardagen

Mediebruken er i rask endringendring, og me oppsøkjer i stadig større grad media på Internet, der tekst, lyd og bilete blir presentert om einannan. Nettavisa til VG har like mange lesarar som papirutgåva, og NRK prioriterer nettsatsinga si stadig høgre. Det er viktig for Kringkastingsringen å syta for at nettsidene til NRK òg blir underlagt eit krav om å ha minst 25 prosent nynorsk.

Utvikla nettverk og alliansar som stør opp under formålet vårt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>