Arbeidsplan 2010

1. Halda fram arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram

Frametter vil vi halda ved like presset i ålmenta og frå politisk hald, samstundes som vi fører vidare det gode samarbeidet med NRK.

Tiltak

  • Halda fram med å ha møte med NRK Super-leiinga
  • Knyta kontaktar med produsentmiljø i og utanfor NRK for å sjå korleis vi kan stimulera til fleire produksjonar på nynorsk
  • Krevja betre stønadsordningar for uavhengige produsentmiljø som vil produsera norskspråklege barnefjernsynsprogram.
  • Dela ut masterstipend for arbeid med barnefjernsyn
  • Undersøkja stoda for nynorsken i barneprogramma i radiokanalane
  • Gå i dialog med aktuelle aktørar for å få meir dubbing på nynorsk
  • Etablera kontakt med dei kommersielle barnekanalane

2. Arbeida for meir nynorsk i etermedia elles

NRK ligg framleis eit stykke unna 25 prosentkravet i fleire kanalar, og det er tvilsamt kor mykje ein del av dei konsesjonslagde radiokanalane slepper til nynorsk og dialektar. Samstundes vil vi arbeida for at TV 2 skal halda oppe den sterke dialektprofilen sin.

Tiltak

  • Markera oss offentleg i ordskiftet når Allmennkringkastingsrapporten kjem
  • Ha møte med Kringkastingssjefen om stoda for nynorsk i NRK, og i tillegg til barne‐ og ungdomsprogram ta opp nynorskbruken i NRK2/3 og teksting.
  • Ha møte med TV2

3. Setja fokus på journalistutdanninga

I dag får ikkje alle journaliststudentar tilstrekkeleg utdanning i nynorsk som aktuelt bruksspråk. Slik kan dei bli dei utdanna til å oppfatta bokmål som det normale mediespråket.

Tiltak

  • Bidra til at det vert skipa til opne møte/seminar/diskusjonar på journalistutdanninga i Oslo om å skrive på nynorsk og bokmål, gjerne i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Mediemållaget
  • Arbeida politisk andsynes Stortinget og Kunnskapsdepartementet for å få nynorskopplæring sterkare inn i planane for journalistutdanninga.
  • Undersøkja språkopplæringa i utdanningane for audiovisuell produksjon 4.

4. Styrkja organisasjonen

Den viktigaste ressursen Kringkastingsringen har, er medlemmene våre. Dei gjev oss både tyngd som interesseorganisasjon og økonomiske ressursar til å driva det utetterretta arbeidet vårt. Vi vil difor satsa på nyrekruttering i perioden.

Tiltak

  • Ha vervekampanje våren 2010
  • Gje ut 3 nummer av Kringom
  • Arbeida for søkja prosjektstøtte til arbeid vi allereie driv

5. Laga ein strategi for det nye mediebiletet

Kringkastingsringen har tradisjonelt arbeidd opp mot allmennkringkastarar som er underlagte konsesjon. Det er viktig å markera oss sterkt innanfor dette segmentet av etermedia, men samstundes må vi i større grad ta inn over oss at det tradisjonelle mediebiletet har endra seg. «Konsesjonsfrie» TV-­‐kanalar utgjer ein stadig større del av mediekvardagen, og det same gjer mylderet av nettaviser, som i stadig større grad vert «multimediale» og nyttar ljod og bilete. Sams for desse er at vi manglar dei politiske verkemidla vi har nytta for å få meir nynorsk inn i NRK og TV2.

Tiltak

  • Styret skal i arbeidsåret laga ein strategi for å få inn nynorsk og dialekt i nettaviser og ikkje-­‐regulerte, norskspråklege etermedia.

6. Markera Kringkastingsringen som ein mediemålpolitisk aktør

Det er viktig å markera at Kringkastingsringen er ein organisasjon som set målpolitikk i media på dagsorden, og at vi er ein ressurs på det feltet.

Tiltak

  • Skipa til eit internasjonalt seminar på Dei nynorske mediedagane
  • Dela ut Kringkastingsprisen 2009
  • Delta i det mediepolitiske ordskiftet gjennom presseutspel og lesarbrev ein gong i månaden.