Årsmelding 2002

1 Innleiing
2002 har vore eit aktivt år for Kringkastingsringen. Me har fylgt opp arbeidsprogrammet så langt me har kunna. Økonomien har vorte betre, ikkje minste grunna fleire gåver. Derfor har me nå kunna auka stillinga til dagleg leiar til 60 %.

Kringkastingsringen har vore aktiv med utspel gjennom pressemeldingar og lesarinnlegg. Det har særleg vorte lagt ned mykje arbeid for å halda oppe distriktskontora i NRK. Me har prøvt å påverka media og politikarar i samspel med andre gode krefter. Derfor kan me nå gle oss over at regionkontoret i Sogn og Fjordane blir berga, hovudsakleg grunngitt med at det skal bli eit nynorsk kompetansesenter. Distriktskontora har vore folkelege og nære knutepunkt med ein stor lyttarskare. Dessutan har NRK sine distriktskontor ikkje minst ei viktig språkpolitisk rolle der også dialektane spelar aktivt med.

Forslaga om nedlegging skjer også i ei tid der folk i praksis har grenselaus tilgang på utanlandske media gjennom fjernsynskanalar, og der auka digitalisering er nært føreståande med sin engelske påverknad. Dette gjer at distriktssendingane bør bli ein ennå meir sentral del av verksemda i NRK. Målet må vera å styrka norsk språk, identitet og kultur. Derfor er styrken til NRK nettopp distriktskontora!

Kringkastingsringen gler seg over at Kanal4 har fått tildelt konsesjon for riksdekkjande radiosendingar med eit allmennkringkastingsprogram som tek språkomsyn.

God nynorskdekning i media er ikkje minst avhengig av at medarbeidarar i radio og fjernsyn både får høve til og ynskjer å nytta nynorsk og dialekt i sendingane sine. Derfor har Kringkastingsringen kvart år sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen til ein medarbeidar som har utmerka seg med dette.

Me har gitt ut bladet Kringom i tre nummer, og me har møtt andre nynorskorganisasjonar gjennom Nynorsk forum. Kringkastingsringen har dessutan marknadsført organisasjonen der målfolk møtest, og me har nå sett i gang ein vervekampanje for å styrka arbeidet vårt.

2 Årsmøtet
Årsmøtet blei halde 19. mars i lokala til Dag og Tid i Pilestredet 8 i Oslo. 17 medlemmer møtte fram. Referatet frå årsmøtet finst som vedlegg etter årsmeldinga.

3 Medlemstal og gåver
Ved årsskiftet var det registrert 1350 medlemmer. I 2002 betalte 1025 årspengar. Organisasjonen slit framleis med å rekruttere nye medlemmer, men i siste kvartal i meldingsåret vedtok styret ei storsatsing for å verve fleire medlemmer. Vonleg kan vi snart sjå positive resultat av denne satsinga.

Gjevargleda blant medlemmene er stor. I tillegg til årspengane kom det inn 165 000 kroner i gåver. Dette talet viser at det er ei sterk tru blant medlemmene på at det nyttar å arbeide mot medieverksemdene og styresmaktene for å få gjennom viktige saker. Truleg er det særleg saka om samanslåinga av distriktskontor i NRK som har engasjert medlemmene.

4 Økonomi og administrasjon
Årsrekneskapen for 2002 viser eit overskot på 88 000 kroner. Dette er eit overskot som styret ikkje hadde budsjettert med og heng mellom anna saman med lågare løns- og administrasjonskostnader. Styret vil overføra kroner 50.000 til eit fond for verving av nye medlemmer og kroner 30.000 til fondet for 50-årsjubileumet. Kroner 8000 vert lagt til eigenkapitalen.

Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Kirkegata 32. I meldingsåret var Knut E. Karlsen tilsett som dagleg leiar i 50 prosent stilling fram til 30. november. 1. desember blei Tormod Strømme tilsett i 60 prosent stilling.

5 Kontakt med medlemmene og publikumsinformasjon
Medlemsbladet Kringom er framleis det viktigaste kontaktleddet mellom organisasjonen og medlemmene. Intensjonen i arbeidsprogrammet var å gje ut fire nummer av bladet, men m.a. skifte av dagleg leiar på slutten av året gjorde at det også i 2002 berre kom ut 3 nummer. Bladet har vore ei prioritert oppgåve og mykje av arbeidstida til dagleg leiar har gått med til bladproduksjon. Håpet har vore å lage eit blad som speglar meiningar og som set eit kritisk blikk på språksituasjonen i media. Saman med Kringom blir det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom blir sendt ut til medlemmene, blir bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

Nettsidene til Kringkastingsringen har no fått ei form som styret er nøgd med. I tillegg til at ein kan finne basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram o.s.b., fungerer sidene som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Etter initiativ frå varamedlem Leif Halvard Silli fekk nettsidene hausten 2002 ei ansiktsløfting som det har komme positive tilbakemeldingar om.

Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vingnetten Media der vi fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

6 Politisk arbeid
I samband med årsmøtet i 2002 arrangerte Kringkastingsringen eit debattmøte om sentraliseringa av distriktskontora til NRK og konsekvensane for nynorsken og dialektane. Innleiar var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Magni Øvrebotten. Dette møtet var eit av ei rad initiativ Kringkastingsringen tok med omsyn til nedbygginga av distriktskontora i NRK.

Etter førre årsmøte sende Kringkastingsringen ut to fråsegner:
Oppretthalding av distriktskontora i NRK vil sikra språkleg og kulturelt mangfald i media og NRKs rolle som allmennkringkastar.

Kringkastingsringen er høyringsinstans i ymse saker som har med media å gjere. Organisasjonen blei beden om å uttale seg om opplegget for å tildele konsesjon for å byggje ut og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn. I høyringsuttalen la Kringkastingsringen vekt på at konsesjonen måtte gjevast til ein aktør som kunne garantere ein landsdekkjande distribusjon av alle allmennkringkastingskanalane. Berre slik kan ein sikre norsk språk, identitet og kultur.

I juni sende Kringkastingsringen saman med Noregs Mållag og Mediemållaget brev til statsråd Svarstad Haugland med forslag til nye styremedlemmer i Norsk Rikskringkasting AS.

Kringkastingsringen har skrive fleire lesarbrev og pressemeldingar om distriktskontorsaka, som generelt har fått god dekning.

I mars hadde Kringkastingsringen møte med kringkastingssjefen i NRK, John G. Bernander. Hovudsaka som blei diskutert var sentraliseringa av distriktskontora i NRK og konsekvensane for nynorsk- og dialektbruken.

Kringkastingsringen og dei andre medlemmene i Nynorsk forum hadde hausten 2002 eit møte med Løvebakken Mållag for å oppdatere stortingsmedlemmene på kva for målpolitiske saker som var viktig å flagge i samband med statsbudsjettet.

På slutten av året vart «P4-konsesjonen» for riksdekkjande reklamefinansierte radiosendingar delt ut. Kringkastingsringen har følgt handsaminga og dagleg leiar har mellom anna skrive om dette i Norsk Tidend.

I 2002 hadde styret 6 møte og behandla 33 saker.

7 Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen 2002 gjekk til Gry Molvær, programleiar i det populære forskingsmagasinet Schrödingers katt i NRK1. I grunngjevinga la juryen vekt på at Molvær kommuniserer med sjåarane på ein framifrå måte. Ho evnar å formidle vitskapleg stoff slik at det blir forståeleg for folk flest utan at det blir banalt. Molvær demonstrerer at nynorsk eignar seg godt på alle felt i samfunnet. Dessutan balanserer ho mellom normert nynorsk og sunnmørsdialekt slik at uttrykket blir personleg og naturleg.

– Vitskaplege ord og termar kan av og til kjennast framande og vanskelege, men det er ei god erfaring å kjenne at språket mitt, dialekten og nynorsken, er så rik at det også lett rommar universet, alt frå eksplosjonar på sola, genteknologi, løyndommar i havdjupet til elektroniske informasjonsstraumar, sa Gry Molvær då ho mottok Kringkastingsprisen på seremonien på Det Norske Teatret 24. april.

Trass i at VG braut sperrefristen og omtalte prisvinnaren allereie dagen før utdelinga, var frammøtet på pressekonferansen brukbart. Inntrykket er at mange fekk med seg medieomtalen.

8 Samarbeid
8.1 Nynorsk forum
Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel.
8.2 Noregs Mållag
Samlokaliseringa i Kirkegata 32 fungerer bra. Det er også eit godt samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend.
8.3 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis.
8.4 Mediemållaget
Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom.
8.5 Representasjon
Kringkastingsringen var representert på desse arrangementa i 2002:
Landsmøtet i Noregs Mållag
Noregs Mållags haustseminar

9 Styre og verv
Styret har i 2002 hatt denne samansetninga:
Unn Aarrestad (leiar), Kjell Arve Straumsvåg (nestleiar), Alv Reidar Dale (styremedlem), Olav Høgetveit (styremedlem) og Eli Ulvestad (styremedlem). Varamedlemmer har vore Tove K. Eidhammer, Elisabeth Bakke, Morten Espeland og Leif Halvard Silli.

Roald Waktskjold og Sølvi Lyngnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Varamedlemmer er Randi Alsnes og Kjell Arve Straumsvåg. Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.

Oslo, 25. februar 2003

Unn Aarrestad /sign/ Tormod Strømme /sign/ Kjell Arve Straumsvåg /sign/
leiar dagleg leiar nestleiar

Olav Høgetveit /sign/ Alv Reidar Dale /sign/ Eli Ulvestad /sign/
styremedlem styremedlem styremedlem