Årsmelding 2004

1 INNLEIING

2004 var igjen eit godt og aktivt år for Kringkastingsringen. Det har vore mange oppgåver å ta fatt i. Me har greidd å halda på dei nye medlemene me fekk førre året, samstundes har me fått mange gåver frå medlemmene. Me kjenner derfor grunnlaget trygt for drifta inn i året for 50-årsjubileet.

Kringkastingsringen har vore aktive med utspel gjennom lesarinnlegg og pressemeldingar. Me har hatt debattmøte for å få meir nynorsk og dialektar i barne- og ungdomsprogram. Likeins har me møtt småbarnsredaksjonen i NRK på Marienlyst. I dei åra borna får verdisynet sitt og blir mest forma, ser me det som umåteleg viktig å ha målformer i radio og fjernsyn som borna kjenner seg igjen i. Her er me ikkje i mål ennå. Me har kome med både konkrete og konstruktive forslag til NRK for å betra stoda og kjem til å fylgja det vidare opp.

God nynorskdekking i media er ikkje minst avhengig av at medarbeidarane i radio og fjernsyn får høve til å nytta nynorsk og dialekt i sendingane. Derfor er Kringkastingsringen glade for at Nynorsk mediesenter i Førde starta opp i september. Der vil det bli lært opp gode nynorskbrukande føredøme for radio, fjernsyn og Internett.

Kringkastingsprisen vert delt ut til ein medarbeidar som utmerkar seg med god nynorsk- og dialektbruk i radio og fjernsyn. Kringkastingsringen har delt ut denne prisen kvart år sidan 1978. Det er med på å marknadsføra organisasjonen vår på ein positiv måte. Samstundes vel me å tru at det også stimulerer nynorskbrukarane i media.

Distriktskontora har fått vera i ro også dette året. Me er likevel urolege for at det kan koma nye forslag om samanslåingar og nedleggingar. Og dette kan skje i ei tid der folk i praksis har grenselaus tilgang på utanlandske media gjennom ulike fjernsynskanalar. Derfor bør distriktssendingane bli ein ennå meir sentral del av verksemda i NRK. Kringkastingsringen meiner at målet må vera å styrka norsk språk, identitet og kultur. Nettopp derfor er distriktskontora styrken til NRK. Hadde berre NRK snart sett det sjølv!

Oppgåvene og utfordringane er ennå mange for Kringkastingsringen etter 50 års arbeid.

2 ÅRSMØTET

Årsmøtet blei halde 23. mars i lokala til Dag og Tid i Pilestredet 8 i Oslo. 14 medlemmer møtte fram. Referatet frå årsmøtet finst som vedlegg etter årsmeldinga.

3 MEDLEMSTAL OG GÅVER

3.1 Medlemstal
I 2004 vart det registrert 1269 betalande medlemmer. Av desse er 92 livstidsmedlemmer.
Det er 26 fleire betalande medlemmer enn i 2003. Auka kjem hovudsakleg som resultat av fleire purringar på medlemspengane. I tillegg har nokre få nytta seg av innmeldingsskjemaet på nettstaden vår.

3.2 Gåver
Gjevargleda blant medlemmene er stor. I tillegg til årspengane kom det inn 256 334 kroner i gåver. Dette talet viser at det er ei sterk tru blant medlemmene på at det nyttar å arbeide mot medieverksemdene og styresmaktene for å få gjennom viktige saker.

4 ØKONOMI OG ADMINISTRASJON

4.1 Årsrekneskapen
Årsrekneskapen for 2004 viser eit overskot på 102 176 kroner. Dette er eit overskot som styret ikkje hadde budsjettert med og kjem i hovudsak på bakgrunn av ekstra gåver. I tillegg har driftskostnadane vore mindre enn venta. Styret vil overføra 30 000 kroner til fondet for 50-årsjubileet i Kringkastingsringen. Resten vert lagt til eigenkapitalen.

4.2 Gåvefond
I 1996 fekk Kringkastingsringen 100 000 kroner frå ein anonym gjevar. Midlane er øyremerkte tiltak som kan styrkja det nynorske målet. Det var 27 118 kroner i gåvefondet per 31.12.2004.

4.3 50-årsjubileumsfond
I 2002 vart det oppretta ein fond for 50-årsjubileet til Kringkastingsringen. Det var 75 000 kroner i dette fondet per 31.12.2004. 60 000 kroner er overført frå Kringkastingsringen. Anne Røflo Longva og Alf Andre Longvas fond har løyvd 10 000 kroner og Oslo Nye Sparebank Fond har løyvd 5 000 kroner. I tillegg har Norsk kulturråd løyvd 20 000 kroner til festskriftet. Desse pengane vert utbetalt når boka er ferdigtrykt, og er derfor ikkje inkludert i årsrekneskapen for 2004. Utgiftene til 50-årsjubileet var i fjor 1 710 kroner.

4.4 Administrasjon
Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Kirkegata 32. I september 2005 går leigekontakten til Noregs Mållag ut og samskipnaden skal då kjøpa eit kontorlokale i Oslo. Styret i Kringkastingsringen har sagt ja til å leiga eit kontor i dei nye lokala til Mållaget.

Tormod Strømme var tilsett i 60 prosent stilling som dagleg leiar fram til 1. mars. Då vart stillinga auka til 70 prosent.

5 KONTAKT MED MEDLEMMENE, INFORMASJONS- OG PRESSEARBEID

5.1 Kringom
Medlemsbladet Kringom er den viktigaste informasjonskanalen til medlemmene. I 2004 kom det i tråd med arbeidsprogrammet ut fire nummer av Kringom. Bladet har vore ei prioritert oppgåve og mykje av arbeidstida til dagleg leiar har gått med til bladproduksjon. Dagleg leiar er redaktør for bladet og skriv dei fleste tekstane. I tillegg har det vore nytta tekstar frå Norsk Tidend. Styremedlemmer og eksterne skribentar har òg levert tekstar til bladet. Det har ikkje vorte betalt for tekstar og bilete, slik at alt som vert trykt i bladet er gratis. Kjell Arve Straumsvåg har ei fast spalte kalla Frå antikvariatet. Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

5.2 Nettsidene
Nettsidene til Kringkastingsringen har no fått ei form som styret er nøgd med. I tillegg til at ein kan finne basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb., fungerer sidene som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Kringom vert også publisert på nettstaden. Målsetjinga er å oppdatere nettsidene minst ein gong i veka. I april vart det installert ein teljar på nettstaden. Det vart registrert 1081 treff i perioden frå april til og med desember.

5.3 Norsk Tidend
Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media der me fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

5.4 Pressearbeid
Det vart i løpet av 2004 sendt ut to pressemeldingar og fem lesarbrev. Det er nokre færre enn året før. Årsaka til nedgangen er at det i 2003 var fleire aktuelle saker som fall inn under arbeidsfeltet til Kringkastingsringen. Lesarbreva og pressemeldingane vert sendt ut til 110 redaksjonar. Lesarbreva har fått god dekning, medan det har vist seg at det er vanskeleg å få pressemeldingar på trykk.

Pressemeldingar:
– Politisk vilje til å styrkja nynorsken i media, 1.4.2004
– Kringkastingsprisen 2004 går til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, 13.4.2004

Lesarbrev:
– Vil ikkje NRK kritisera media, 18.3.2004
– Nynorsk mediesenter – ein styrke for nynorsken, 24.3.2004
– Meir nynorsk for dei yngste, 24.3.2004
– Styrk pressestøtta, 13.5.2004
– Framgang for nynorsken i NRK, 21.12.2004

6 POLITISK ARBEID

6.1 Nynorsk i barne- og ungdomsprogram
I arbeidsprogrammet for 2004 heiter det: ”Kringkastingsringen vil i 2004 prioritera arbeidet med å auka nynorskdelen i program som rettar seg mot barn og ungdom. Dette er ein periode i livet då ein er svært sårbar for press utanfrå, og mange er usikre på språket sitt og identiteten sin. Fleire barne- og ungdomsprogram på nynorsk og dialekt kan vera med på å gje barn og ungdom ein språkleg tryggleik i møte med omverda.”

Styret har i tråd med dette programmet brukt mykje tid på arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram.

I april gjennomførte dagleg leiar ei undersøking av barne-tv i NRK. Undersøkinga vart gjort ved å ta opp dei daglege sendingane av barne-TV mellom klokka 18.00 og 18.30 (40) på NRK1. Av totalt 1090 minuttar barne-TV, vart det berre registert 155 minuttar med nynorsknære taleinnslag og 13 minuttar normert nynorsk. Resultata vart publisert i Kringom nr. 2/2004.

12. oktober arrangerte Kringkastingsringen i samarbeid med Noregs Mållag, Bondeungdomslaget i Oslo og Mediemållet eit debattmøte med tittelen: ”Kvifor leikar born på bokmål”. I panelet sat Vibeke Fürst Haugen, sjef for småbarnsredaksjonen i NRK, Ola T. Lånke, mediepolitisk talsmann i Kristeleg Folkeparti, Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag og Unn Aarrestad, styreleiar i Kringkastingsringen. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn var møteleiar. Om lag 40 tilhøyrarar møtte fram.

Etter debattmøtet vart Endre Brunstad og Unn Aarrestad inviterte til eit møte med småbarnsredaksjonen i NRK for å drøfte bruken av nynorsk og dialektar i barneprogramma. Møtet vart halde 23. november.

6.2 Anna politisk arbeid
I samband med årsmøtet i 2004 arrangerte Kringkastingsringen eit debattmøte med tittelen: ”Nynorsk i media – kompetanse og / eller konkurranse”. Innleiar var Sylfest Lomheim, direktør i Norsk språkråd.

Kringkastingsringen sendte ei høyringsfråsegn til framlegget om endringar i Kringkastingslova, der me støtta Kultur- og kyrkjedepartementet sitt framlegg om å styrkja sanksjonsmidlane ovanfor kringkastarane.

I samband med tilsetjinga av ny nyheitsredaktør i NRK, sendte Kringkastingsringen eit brev med oppmoding om å tilsetja ein nynorskbrukar i stillinga. Oppmodinga vart diverre ikkje tatt til følgje.

Ei støttefråsegn vart sendt til gruppa som arbeider med å skipa eit nasjonalt Garborgsenter på Bryne.

7 ORGANISASJONSARBEID

7.1 50-årsjubileet
Nemnda som arbeider med 50-årsjubileet til Kringkastingsringen, har i løpet av 2004 hatt jamlege møte for å planleggja feiringa. I løpet av hausten 2005 vil det koma eit festskrift med både historiske og aktuelle tekstar. Eva Marie Mathisen og Astrid Dybvik har fått ansvaret for å skriva historia om Kringkastingsringen. Det vert også ei markering 1. oktober 2005, med seminar, festmiddag og teaterframsyning.

8 KRINGKASTINGSPRISEN
Kringkastingsprisen 2004 gjekk til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. I grunngjevinga framheva juryen at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har vore ein profilert nynorskbrukar sidan ho starta i NRK-Dagsnytt. Med sitt særeigne namn og markante røyst har ho i løpet av kort tid evna å verta ein kjend medieperson. Ho nyttar språket på ein medviten måte i nyheitsformidlinga og legg vekt på enkle og tydelege formuleringar. Med si trygge programleiing har ho vist at nynorsk høver like godt i sporten som i Dagsnytt.

– Kringkastingsringen ønskjer å heidra deg fordi du er ein god ambassadør for nynorsken. Me er mange som spissar øyro når røysta di kjem på radioen. Med eit tydeleg språk og ei trygg framføring formidlar du nyheiter på ein framifrå måte. Du er ei særs populær radiorøyst, og det er mange som ynskjer at du skal få denne prisen, sa styreleiar Unn Arrestad under utdelinga på Det Norske Teatret.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn takka for prisen med å seia at ho var stolt av å hamna i selskap med så mange kollegaer som ho ser opp til.

Det var ikkje stort frammøte på pressekonferansen, men mediedekninga var rimeleg bra. Blant anna var det eit innslag i nyheitene i TV2.

9 SAMARBEID
9.1 Nynorsk forum
Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel. Dagleg leiar møter her.
9.2 Noregs Mållag
Samlokaliseringa i Kirkegata 32 fungerer bra. Det er også eit godt samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend.
9.3 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis.
9.4 Mediemållaget
Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom.
9.5 Representasjon
Kringkastingsringen var representert på desse arrangementa i 2004:
Landsmøtet i Noregs Mållag i Ålesund, Tormod Strømme.
Opninga av Nynorsk mediesenter i Førde, Unn Aarrestad
Utdelinga av Nynorsk redaktørpris, Tormod Strømme
Generalforsamlinga i Nynorsk pressekontor, Martin Toft

10 STYRE OG VERV

10.1 Styret
Styret har i 2004 hatt denne samansetninga:
Unn Aarrestad (leiar), Alv Reidar Dale (nestleiar), Martin Toft (styremedlem), Olav Høgetveit (styremedlem) og Kari Harsheim (styremedlem). Varamedlemmer har vore Eli Ulvestad, Tove K. Eidhammer, Leif Halvard Silli og Knut E. Karlsen.

I 2004 hadde styret 6 møte og behandla 42 saker.

10.2 Nynorsk Pressekontor
Martin Toft og Randi Alsnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Varamedlemmer er Kjell Arve Straumsvåg og Eva Marie Mathisen.

10.3 Riksfondet for nynorsk presse
Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.

10.4 Nemnda for 50-årsjubileet
I nemnda for 50-årsjubileet til Kringkastingsringen sit Kjell Arve Straumsvåg (leiar), Jon Låte, Randi Alsnes og Eli Ulvestad. Tormod Strømme er skrivar. Alv Reidar Dale frå styret møter også her.

Oslo, 28 februar 2005

Unn Aarrestad Alv Reidar Dale Olav Høgetveit
leiar nestleiar styremedlem

Martin Toft Kari Harsheim Tormod Strømme
styremedlem styremedlem dagleg leiar