Vedteken på styremøte 03. mars 2011, lagt fram for årsmøtet 17. mars 2011
1. Årsmøtet 2010
Årsmøtet 2010 vart halde torsdag 18. mars på Litteraturhuset, Wergelandsveien 29 i Oslo. Referatet frå årsmøtet i 2009 ligg ved.
2. Medlemstal og gåver
2.1 Medlemstal
I 2010 vart det registrert 1052 betalande medlemer, av d esse 74 livstidsmedlemer. 57 medlemer vart strokne frå registeret, hovudsakleg fordi dei anten gjekk bort eller hadde nådd ein svært høg alder og melde seg ut. Fire medlemer melde seg inn i 2010.
Jamført med 2009 (1114 medlemmer) er dette ein liten nedgang i talet på betalande medlemer, men framleis fleire enn i 2008 (1045). Det viktigaste forklaringa på nedgangen er truleg at det ikkje vart gjennomført nokon vervekampanje i 2010.
2.2 Gåver
Til liks med dei to førre åra vart det i 2010 òg berre sendt ut to gåvegiroar, og det kom inn 168 171 kroner i friviljuge gåver til Kringkastingsringen.
Hausten 2008 kom Kringkastingsringen inn under ordninga som gjev skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar. Dette har vore lagt vekt på i gåveoppropa, og ser ut til å ha motivert gjevarane i nokon mon.
Diverre vart gåvene for 2010 rapporterte inn for seint til skattestyremaktene, noko som førde til at Kringkastingsringen eit gebyr. Dette gebyret kosta oss truleg like mykje som vi «tener» på å vera under ordninga, men ho er likevel ein klapp på aksla til dei lojale medlemene våre.
2.3 Samanfatning
Medlemene i Kringkastingsringen er svært pliktoppfyllande, og melder seg i liten grad ut. Mange bidreg òg med frivillige gåver i tillegg til årspengane, og slik legg dei grunnen for at Kringkastingsringen kan driva utetterretta verksemd
3. Økonomi og administrasjon
3.1 Økonomi
Rekneskapen for 2010 syner eit samla underskot på 62 964 kroner, noko som er mindre enn årsmøtet 2010 hadde budsjettert med. Styret rår til at underskotet vert det inn av eigenkapitalen.
3.2 Administrasjon
Tarjei Vågstøl har vore tilsett som dagleg leiar i 80 prosent stilling i 2010. I perioden 1. januar–30. juni hadde dagleg leiar fødselspermisjon, og Eirik Wixøe Svela vikarierte i stillinga.
4. Kontakt med medlemene, informasjons- og pressearbeid
4.1 Kringom
Kringom er medlemsbladet for Kringkastingsringen, og går ut til alle medlemene i Kringkastingsringen. I 2010-årgangen kom det ut to nummer. Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.
I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.
4.2 Nettsidene
På nettsidene www.kringkastingsringen.no finn ein basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb. Det er òg eit skjema for innmelding lett tilgjengeleg på heimesida.
I tillegg til denne informasjonen, vert òg heimesidene oppdaterte med aktuelle saker etter kvart som dei kjem opp. Her legg vi ut både eigenproduserte saker og lenkjer til medienyhende på andre nettsider. Kringom vert også publisert på nettstaden.
Sida har etter måten få lesarar, unnateke når i samband med presseutspel og liknande.
4.3 Norsk Tidend
Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media, der vi skriv om aktuelle mediepolitiske spørsmål.
4.4 Pressearbeid
I 2010 sende vi ut ei pressemelding, «Allmennkringkastingsrapporten: – Betre, men ikkje bra nok» (09.04.2010)
4.5 Seminar
Kringkastingsringen skipa til eit seminar om «Språkmangfald i nordisk kringkasting» under Dei nynorske mediedagane 23. oktober. Dei eksterne innleiarane på seminaret var Annestina Åbone (YLE), Åsulf Edland (NRK) og Espen Stedje (Foreningen Norden). Seminaret fekk støtte frå Europaprogrammet i Utanriksdepartementet.
5. Møte med NRK
Saman med Noregs Mållag og Norsk Målungdom hadde vi òg møte med leiinga for NRK Super 12.04 og 30.11.2010. På desse møta la NRK Super fram oversyn over arbeidet med å bruka meir nynorsk i kanalen.
6. Kringkastingsprisen
Det kom inn fire framlegg til kven som skulle få Kringkastingsprisen for 2010. Styret i Kringkastingsringen var som vanleg jury for prisen, og vedtok prisvinnaren på møte 2. september.
Prisen vert delt ut til prisvinnaren i april 2011.
7. Samarbeid
7.1 Noregs Mållag
Samlokaliseringa med Noregs Mållag i Schweigaards gate 16 har ført til eit godt samarbeid mellom organisasjonane. I perioden har vi sett i gang drøftingar for å finna ut korleis vi kan samarbeida tettare for å få frigjort meir arbeidskraft til å driva med mediearbeid.
7.2 Mediemållaget
Samarbeidet med Mediemållaget har vore godt gjennom heile perioden, og leiaren i Mediemållaget har vore invitert som observatør på styremøta. Dei har òg ein fast kommentarplass på side tre i medlemsbladet Kringom.

Pingback: Årsmøte i Kringkastingsringen | Kringkastingsringen