Framlegg til arbeidsplan for 2012

Framlegg frå styremøte 9. februar 2012

Halda fram arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram

Det er brei politisk semje om at nynorsk og dialektar er særleg viktig i barne- og ungdomsprogram. Samtidig er barnekanalen på NRK, NRK Super, blant dei kanalane hjå NRK som brukar minst nynorsk (9,2 % prosent i 2010).

Dei siste fire åra har vi likevel hatt eit nært samarbeid mellom målrørsla og NRK Super, og etablert halv-årlege møte der leiinga for kanalen informerer om arbeidet for å få inn meir nynorsk.

Vi vil halda fram det gode samarbeidet med NRK, men samstundes arbeida for å halda opp det politiske presset om minst å greia minstekravet om 25 prosent nynorsk. I møta framover vil me også stå hardt på for å få konkrete tal på kor stor del av programma som er på dialekt og kor mange som er på normalisert nynorsk.

Tiltak

  • Halda fram med å ha møte med NRK Super-leiinga
  • Me bør dessutan vurdera om Kringkastingsringen skal laga sin eigen statistikk ved å måla bruken av dialekt og nynorsk i NRK Super gjennom ei tilfeldig veke.
  • Knyta kontaktar med produsentmiljø i og utanfor NRK for å sjå korleis vi kan stimulera til fleire produksjonar på nynorsk. Me bør engasjera styremedlemar med god kompetanse på området til å ta seg av denne oppgåva.
  • Krevja betre stønadsordningar for uavhengige produsentmiljø som vil produsera norskspråklege barnefjernsynsprogram. Kringkastingsringen kunne saman med nynorskbrukande TV-produsentar forfatta ein kronikk om temaet til Aftenposten.
  • Krevja at nrk.no og DAB-kanalane (mellom anna NRK Super-radio) skal rapportera nynorskbruk på lik linje med primærkanalane.
  • Arbeida for ei vidare styrking av NorDubb Volda, og for at det vert etablert fleire kommersielle dubbingverksemder som kan dubba til nynorsk og dialekt.
  • Etablera kontakt med dei kommersielle barnekanalane Disney Channel og Cartoon Network og arbeida for å få dei til å dubba til nynorsk og dialekt

Arbeida for meir nynorsk i etermedia elles

NRK ligg framleis under 25 prosent-kravet i alle andre kanalar enn NRK P1, og det er tvilsamt kor mykje ein del av dei konsesjonslagde radiokanalane slepper til nynorsk og dialektar. Samstundes vil vi arbeida for at TV 2 skal halda oppe den sterke dialektprofilen sin. Det blir spesielt viktig å fylgja med i mediespråkpolitikken til TV 2 etter at det danske selskapet Egmont er blitt den einaste eigaren av selskapet.

Tiltak

  • Markera oss offentleg i ordskiftet når Allmennkringkastingsrapporten kjem
  • Ha møte med TV 2-sjefen om framtida for nynorsk og dialekt i Noregs største, kommersielle allmennkringkastingskanal etter at den er blitt heildansk.
  • Ha møte med Kringkastingssjefen om stoda for nynorsk i NRK.
  • Arbeida for at nynorsk og dialekt skal vera ein del av konsesjonsvilkåra for nye kanalar på DAB-nettet når FM-nettet blir lagt ned i 2017.

Styrkja organisasjonen

Den viktigaste ressursen Kringkastingsringen har, er medlemane våre. Dei gjev oss både tyngd som interesseorganisasjon og økonomiske ressursar til å driva det utetterretta arbeidet vårt. Vi har svært lojale medlemer, men dei vert eldre og eldre, og det er lita nyrekruttering.

Å auka medlemstalet er difor ei viktig oppgåve i 2012.

Tiltak

  • Ha vervekampanje våren og hausten 2012, der målet er minst 100 nye medlemar
  • Gje ut 3 nummer av Kringom
  • I større grad nytta heimesidene og andre kanalar på Internett for å nå ut med politikken vår
  • Bli flinkare til å bruka Facebook og Twitter aktivt for å verva nye, yngre medlemar. Det må bli mogleg å kunna betala medlemsavgifta elektronisk for dei som ynskjer det.
  • Når me kjem med utspel, bør me nytte Facebook til å få merksemd, både ved å lenka til utspelet på vår eigen profil, og ved å posta lenka på andre profilar som er relevante.
  • Halda fram samarbeidet med Noregs Mållag

Markera Kringkastingsringen som ein mediemålpolitisk aktør

Det er viktig å markera at Kringkastingsringen er ein organisasjon som set målpolitikk i media på dagsorden, og at vi er ein ressurs på det feltet.

Tiltak

  • Skipa til minst eitt målpolitisk seminar i arbeidsåret, anten på «Dei nynorske mediedagane» eller i samband med utdelinga av Kringkastingsprisen.
  • Dela ut Kringkastingsprisen i løpet av mai.
  • Delta i det mediepolitiske ordskiftet gjennom presseutspel og lesarbrev når det er aktuelle mediespråkpolitiske debattar. Vi må også bli flinkare til å rosa program for å nytta nynorsk og dialekt (til dømes TV-serien Lillyhammer)
  • Halda fram kontakten med dei personane som deltok på seminaret om små europeiske språk i media i Brussel.
  • Laga ein strategi for å få inn nynorsk og dialekt i nettaviser og ikkje–regulerte, norskspråklege etermedia.

Setja fokus på journalistutdanninga

(Dette er viktig, men me meiner at det er ei oppgåve som Noregs Mållag og Mediemållaget bør ha som sitt ansvarsområde. Kapasiteten vår strekkjer ikkje til å gjera så mykje med dette spørsmålet. Kringkastingsringen kan vera med på laget når dei andre organisasjonane tar initiativ til ein ekstra kraftinnsats på dette området. Me vil difor foreslå at dette punktet skal stå som nummer 6 på arbeidsplanen)

I dag får ikkje alle journaliststudentar tilstrekkeleg utdanning i nynorsk som aktuelt bruksspråk. Slik kan dei bli utdanna til å oppfatta bokmål som det normale mediespråket. NRK Nynorsk mediesenter er eit tiltak som syner at ein får gode nynorskjournalistar av å utdanna nynorskjournalistar.

Dette punktet grip inn i ‘ansvarsområda’ til både Noregs Mållag og Mediemållaget, og Kringkastingsringen har ikkje kapasitet til å arbeida systematisk på dette feltet.

Tiltak

  • Bidra til at det vert skipa til opne møte/seminar/diskusjonar på journalistutdanninga i Oslo om å skrive på nynorsk og bokmål, gjerne i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Mediemållaget
  • Arbeida politisk for å få nynorskopplæring sterkare inn i planane for journalistutdanningane utdanningane for audiovisuell produksjon.

One Response to Framlegg til arbeidsplan for 2012

  1. Pingback: Årsmøte i Kringkastingsringen – 29.3 | Kringkastingsringen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>