13.06.2012

Meld deg inn

Du er hjarteleg velkomen som medlem i Kringkastingsringen!
Årspengane er kr 300 for folk over 30 år og kr 150 for dei under.

Plan A: Send e-post til post@kringkastingsringen.no med namn, fødeår og adresse så sender me giro i posten.

Plan B: Du kan òg betala medlemspengar rett til konto 8101 34 42517 og merka giroen med Ny medlem pluss namn, fødeår, mobilnummer og postadresse.

Som medlem er du med på å stø ei god sak og du får tilsendt bladet vårt, Kringom, minst tre gonger i året. Inkludert kryssord! Då er du også i ein veldig posisjon til å komme med framlegg til kven som skal få den årlege Kringkastingsprisen for god språkbruk i media.