Vedtekter for Kringkastingsringen

(Endra 25.2.79, 4.3.84, 22.2.87, 14.2.90 og 10.3.99, 23.3.04)

  1. Kringkastingsringen arbeider for at nynorsk normalmål, norske dialektar og samisk mål skal få eit rettkomne rom i norsk kringkasting og andre norske massemedia. Kringkastingsringen arbeider for at norsk kringkasting skal desentraliserast så heile folket kjem med i kringkastingsverksemda.
  2. Årsmøtet er høgaste styresmakta i Kringkastingsringen. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad kvart år. Årsmøtet vel eit styre med leiar, 4 styremedlemer, 4 varamedlemer og ei valnemnd på minst 3 personar. Årsmøtet vel revisor og 2 medlemer til å skriva under møteboka. Pål årsmøtet legg styret fram årsmelding og rekneskap til godkjenning. Meldingsåret og rekneskapsåret følgjer kalenderåret.
  3. Årsmøtet gjer vedtak i saker som står på saklista. Årsmøtet skal godkjenne innkalling og sakliste. Medlemene kan gjera framlegg om saker dei vil ha fram på årsmøtet. Slike framlegg må vera innkomne til styret før 1. desember. Meiner styret at ei slik sak ikkje skal førast opp på saklista, kan årsmøtet likevel vedta å gjera det med vanleg fleirtal Ei sak som er komen inn for seint, kan takast opp på årsmøtet berre dersom styret tilrår det.
  4. Innkalling til årsmøtet saman med sakliste skal kunngjerast i pressa eller sendast til medlemene seinast 3 veker før møtet skal haldast. Omframt årsmøte skal haldast når styret meiner det trengst, eller når minst 1/20 av medlemene ved siste årsskiftet krev det. Omframt årsmøte som medlemene krev, skal haldast seinast 7 veker etter at kravet er kome til styret.
  5. I saker som ikkje er nemnde i paragrafane 11 og 12, gjer årsmøtet vedtak med vanleg fleirtal. Røysterett har dei som har betalt lagspengane før årsskiftet. Ein medlem med røysterett som ikkje har høve til å møta på årsmøtet, kan overlate røysteretten til ein annan medlem ved skriftleg fullmakt.
  6. Årsmøtet vel leiar ved særskilt val for I år om gongen. Styremedlemene vert valde for 2 år, slik at 2 er på val kvart år. Varamedlemene vert valde for 1 år. Styret vel nestleiar.
  7. Styret leier arbeidet i Kringkastingsringen og skal ha minst 2 møte mellom årsmøta. Skal eit styrevedtak vera bindande, må minst 3 ha røysta for det. Styret nemner opp minst 3 av styremedlemene eller varamedlemene til å vera arbeidsutval. Arbeidsutvalet førebur saker for styret, og kan avgjera mindre saker. Arbeidsutvalet kan i samråd med leiar avgjera større saker som hastar mykje dersom vedtaket er samrøystes. Styret og arbeidsutvalet kan peika ut nemnder eller utval til å førebu særskilde saker. Styret og arbeidsutvalet skal føra møtebok. Styret kan tilsetja sekretær og kontorhjelp.
  8. Kringkastingsringen har to årspengesatsar, ein for medlemer over 25 år og ein for medlemer under 25 år. Årsmøtet avgjer kor store årspengane skal vera i kvar gruppe.
  9. Det er høve for andre organisasjonar og lag, eller lokallag av desse, til å melda seg kollektivt inn i Kringkastingsringen. Kollektive medlemer betaler årspengar etter talet på medlemer. Kollektivt innmelde lag med opp til 100 medlemer kan senda ein representant til årsmøtet; innmelde lag med over 100 medlemer kan senda to representantar til årsmøtet. Styret gjev nærare føresegner.
  10. Det kan skipast lokallag under hovudsamskipnaden. Styret gjev nærare føresegner.
  11. Framlegg om endringar i vedtektene må vere innkomne til styret før 1. desember, og skal kunngjerast med minst 3 vekers varsel. For omframt årsmøte gjeld same kunngjeringsfrist som for vanleg årsmøte. For å gjere endring i vedtektene trengst det 3/4 av røystene.
  12. Kringkastingsringen kan oppløysast dersom både eit vanleg og eit omframt årsmøte gjer vedtak om det med minst 2 månaders mellomrom, og med minst 3/4 av røystene kvar gong, For framlegg om oppløysing gjeld same varselfrist som framlegg om endring i vedtektene. Ved oppløysing overtek Noregs Mållag eiga til Kringkastingsringen.