24.02.2011

Statistikk for NRK

Nynorskandelen i NRK i prosent for kvart år 2005-2011, broten ned på kvar einskild kanal.

2005 2006 2007 20081 2009 2010 2011
NRK1 23 23 22 18 24 18.2 22
NRK2 14 14 16 17 17 20.4 26
NRK32 13 17.6 19
NRK Super2 16 9.2 18
NRK P1 24 25 27 22 26 24 27
NRK P2 25 24 22 21 23 17 18
NRK P3 26 24 25 23 24 22.5 20
nrk.no 16

1Gjennomsnitt for 2008 var 20 prosent.
2NRK Super og NRK3 starta sendingane hausten 2007, og offisielle tal for 2008 finst ikkje.
3Målinga for 2010 har oktober-desember som datamateriale, og er utført av Synovate

Tala byggjer på årsrapportar frå NRK for 2006, 2007, 2008, 20092010 og 2011. Historiske tal fram til 2004 finn du i Nynorsk faktabok 2005 av Ottar Grepstad, kapittel 15

Korleis måler NRK
Det er NRK sjølve som finn ut kor mykje nynorsk dei nyttar (frå 2010 gjer Synovate denne granskinga på oppdrag frå NRK). Til grunn for tala ligg det 1000 tilfeldige klypp på 30 sekund for kvar kanal. For kvart av desse klyppa vert det målt kor mange sekund nynorsk, bokmål og dialekt vert brukt (anten tale eller teksting). Talet for dialekt vert så delt likt mellom bokmål og nynorsk. NRK oppgjev feilmarginen på målinga å vera +/- to prosent.

Dialekt? Nynorsk?
I 2007 vedtok NRK nye språkreglar som opna for meir bruk av dialekt. I programinformasjon og nyhendesendingar skal ein normalt sett nytta «offisielt nynorsk og bokmål». Språkreglane for NRK finn hjå Språkrådet og NRK.

Historiske tal
Kringkastingsringen gjorde ei gransking av sendeflata på radio i 1995. Den kan du lasta ned som PDF (innskanna) Kvar finst nynorsken (Kringkastingsringen 1995) (2.7 MB)

4 thoughts on “Statistikk for NRK

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *