Kringom
Kor mykje nynorsk?
NRK skal nytta minst 25 prosent nynorsk i kvar kanal. Dette kravet kjem frå NRK-plakaten (punkt 3d), som Stortinget har vedteke.
Kvart år legg NRK fram ein årsrapport der dei mellom anna fortel om dei har nytta så mykje nynorsk dei skal. Her finn du tala for 2005--2010.
Søk
Arkiv
- Kringkastingsprisen (14)
- Kringkastingsringen (11)
- Kringom (14)
- Medienytt (46)
- Mediespalta i Norsk Tidend (23)
- Om sida (1)
- Pressemelding (10)
- Video (4)
Gamle nyhendesaker
Medienytt
- Er ikkje nynorskungar norske? 25.01.2012
... spør Noregs Ungdomslag etter at NRK Super valde å laga ei tevling i spørjeprogrammet Superkviss der deltakarane skulle gissa om ord var nynorsk eller svensk. Les meir hjå NU.
- Giske til kontrollkomiteen? 20.01.2012
Framstegspartiet er ikkje nøgd med orienteringa Giske gav om TV2-salet, og ønskjer saka inn for kontroll- og konstitusjonskomitéen på Stortinget. Les meir i Dagsavisen.
- Egmont kjøper TV2 09.01.2012
Det danske mediekonsernet Egmont kjøper A-pressen sin del av TV 2, og dimed heile mediehuset. Dei tilsette røysta mot framlegget. Egmont lovar at oppkjøpet ikkje kjem til å ha noko å seia for profilen til TV2. Til Kampanje seier Hans J. Carst...
- Privat, nordisk TV-gigant? 06.01.2012
A-pressa er i ferd med å selja andelen sin i TV2 til Egmont. Dette ser fleire medievitarar og -analytikarar som fyrste steget mot ein nordisk TV-gigant der TV 2 vert ei norsk "lokalavdeling". Les saka i Dagbladet.
- Berre bokmål i "stallkyrkjene"? 16.12.2011
For 2012 har NRK valt ut seks kyrkjer som skal vera "stallkyrkjer" og kvar levera fire radiogudstenester i året. Alle dei seks kyrkjene ligg i bokmålsområde: Kroken kirke i Tromsø, Oslo Misjonskirke Betlehem, Bodin kirke i Bodø, Trefoldighetskirk...
Meta
Tag Archives: TV2
Giske til kontrollkomiteen?
Framstegspartiet er ikkje nøgd med orienteringa Giske gav om TV2-salet, og ønskjer saka inn for kontroll- og konstitusjonskomitéen på Stortinget. Les meir i Dagsavisen.
Egmont kjøper TV2
Det danske mediekonsernet Egmont kjøper A-pressen sin del av TV 2, og dimed heile mediehuset. Dei tilsette røysta mot framlegget. Egmont lovar at oppkjøpet ikkje kjem til å ha noko å seia for profilen til TV2. Til Kampanje seier Hans J. … Continue reading
Privat, nordisk TV-gigant?
A-pressa er i ferd med å selja andelen sin i TV2 til Egmont. Dette ser fleire medievitarar og -analytikarar som fyrste steget mot ein nordisk TV-gigant der TV 2 vert ei norsk “lokalavdeling”. Les saka i Dagbladet.
Morten Sandøy (TV2) fekk Kringkastingsprisen 2011
På ein pressekonferanse i 22. november 2011 fekk Morten Sandøy Kringkastingsprisen for arbeidet som ankermann og programleiar i TV 2.
TV2 på svenske hender?
Svenske TV4 (eigd av Bonnier-gruppa) kan vera interesserte i å kjøpa A-pressa sin del av TV2. Det kan opna for ein nordisk mediegigant. Les meir hjå E24.
OL til TV 2
TV 2 skal ha kjøpt rettane til å syna OL i 2014 og 2016, melder VG. Om dette er rett, vert det i så fall fyrste gong sidan 1960 at NRK ikkje syner leikane.
NRK3 vinn yngre sjåarar
Jamført med tala frå 2009, tykkjer fleire unge (15-29 år) at NRK3 er best på underhaldningsprogram, medan færre tykkjer at TV2 er best. Les meir på E24 media.
Stort overskot i TV2
I 2010 gjekk TV 2 med 335 millionar i driftsoverskot. — Eit resultat av både forretningsutvikling og omstillingane i 2008 og 2009, seier TV 2-sjef Alf Hildrum. Det er særleg betalingskanalane for sport som forklarar overskotet. Som ei følgje av den gode … Continue reading
Allmennkringkasting kostar
I desember i fjor underteikna TV2-sjef Alf Hildrum og kulturminister Anniken Huitfeldt avtalen som gjev TV2 status som formidlingspliktig allmennkringkastar i fem år.
Underteikna avtale om allmennkringkasting
03.12.2010 underteikna TV2 og Anniken Huitfelt avtalen som gjev TV2 status som formidlingspliktig allmennkringkastar fram til 31.12.2015. Continue reading
