Den første sendinga av «nye» Dagsrevyen får god kritikk av Aftenpostens Per Kristian Bjørkeng: «Klarer nye Dagsrevyen å holde nivået, kan det igjen bli viktig å få med seg Norges største nyhetssending.». Les meir i Aftenposten og Kampanje.
NRK-journalist Ingerid Stenvold har fått løyve til å nytta dialekt som nyhendeopplesar i Dagsrevyen. «Helt vanvittig», meiner Finn-Erik Vinje. Stenvold fekk Kringkastingsprisen i 2007 for å nytta Målselv-dialekten sin i NRK Sporten. Les saka i VG og hjå Noregs Mållag.
Då fristen for å søkja om status som "formidlingspliktig kommersiell allmennkringkasting i fjernsyn" gjekk ut 7. desember i år, var TV2 einaste søkjaren. Les meir om saka hjå Kulturdepartementet.
RiksTV opnar no for at kundane fritt kan velja kva kanalar dei vil betala for. Men samtidig varslar dei ein stiv pris for sjåarar som vil sjå TV2 når konsesjonen går ut etter nyttår: 160 kroner må ein betala i månaden dersom ein framleis vil ha tilgang til kanalen. Les saka hjå VG.
Ingvild Bryn, profilert nyhendeanker i NRK og tidlegare vinnar av Kringkastingsprisen, vitjar Bok- og musikkafen i Frogner kirkestue laurdag 31. oktober kl. 13.00. Ho vil snakka om røynslene ho har gjort seg som korrespondent og nyhendeformidlar i føredraget "25 år i NRK". Det vert sal av kaffi og kake i Frogner kirkestue frå klokka 11.00.
I dag vart Anniken Huitfeldt utnemnd til ny kulturminister. Kampanje.
Kulturdepartementet har tinga ei ekstern utgreiing om kva som vil skje dersom NRK skal verta reklamefinansiert. Rapporten er skriven av Johan Roppen, Høgskolen i Volda, og ligg på heimesidene til KKD. Les rapporten.
I framlegget til statsbudsjett for 2010 vert Vinjefondet ført vidare med ein halv million kroner. Tiltaket, som skal fremja nynorsk journalistikk, vert forvalta av Nynorsk kultursentrum. Ved sidan av ei solid auke i løyvinga til Noregs Mållag, er det ikkje store, nye tiltak å finna i budsjettet:
– Dette er eit bleikt budsjett for nynorskbrukarane. Dei fleste nynorsktiltaka får dekt løns- og prisveksten, men heller ikkje meir, og budsjettet inneheld ingen nye tiltak som følgjer opp alle planane i språkmeldinga, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.
Både MTG Norge (som står attom både TV3 og Viasat 4) og TVNorge melder at dei er interesserte i å delta i kampen om ny konsesjon for allmennkringkasting. Les meir hjå Kampanje.
I Soria Moria II-erklæringa lovar regjeringa å vidareføra både pressestøtte og NRK-lisensen. Les meir hjå Kampanje