I haust var det hektisk møteverksemd for Kringkastingsringen som i år som i fjor møtte med både NRK Super og Kringkastingssjefen.
Hjå NRK Super møtte me redaktør Hildri Gulliksen, rådgjevar for Super-leiinga Karoline Evensen og redaksjonssjef Ingrid Hafstad. I NRK Super låg nynorskdelen for kanalen ved møtedato på på 26,6 prosent. Bruken av talt nynorsk var 15,1 prosent, medan dialekt stod for 23,1 og bokmål for 61,8 prosent.
Leiinga ytra at dei er oppteken av at innhaldet skal vere godt, relevant og mykje brukt, og at dette blir prioritert framfor å møte 25 % kravet til nynorsk. No møter dei uansett nynorskkravet med god margin og Kringkastingsringen kjenner seg trygge på at dei har ryggmargrefleksen inne her.
Den største utfordringa for redaksjonen er nok på nett. Nettsida er ikkje ein del av statistikken for kanalen, og her er dei avhengige av å ha nynorskskrivande journalistar på jobb som kan levere saker. Nynorsk mediesenter er her ein viktig ressurs, og det var med stor glede at me i Kringkastingsringen kunne registrere at to av fem av fjorårets nynorsk praktikantar vart utplassert i ekstern praksis nettopp hjå NRK Super. Denne nyhenda mottok me kort tid etter sjølve møte.
Av viktige tiltak hjå kanalen kunne NRK Super nemne at dei kontinuerlig arbeider for å halde oppe volumet på seriar dubbar til nynorsk og dialekt, og dei trakk fram figuren Perla spela av Ingunn Thon som snakkar normert nynorsk. For Super sin del er det faktisk eit føremon at figurane snakkar anten normert nynorsk eller bokmål, då dette gjer det lettare å eventuelt finne nye skodespelarar som kan ta over figuren dersom nokon sluttar. Kringkastingsringen var godt nøgde med det som NRK Super la fram, og kjenner seg trygge på at redaksjonen har ein god kultur for nynorsk og dialektmangfald.
Eit par veker etter møte med NRK Super møtte me med sjefen sjølv: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Tilstades på dette møte var også vikarierande språksjef Ingvild Bryn, nettsjef Hildegunn Amanda Soldal og medieredaktør, Marius Lillelien. NRK er nær ved å nå 25 kravet, og me oppfatta at leiinga er opptekne av dette, samstundes som dei poengerte at dei har mange andre krav mot seg som dei óg prøver å nå. Gjermund Eriksen kunne likevel berolige Kringkastingsringen om at dei er opptekne av å nå nynorskkravet. Ingvild Bryn på si side framheva haldningsarbeidet som viktig og kunne opplyse om at sleivete kommentarar for nynorsk på desken har dei nulltoleranse for.
Når det kom til Handlingsplan for nynorsk i NRK kunne leiinga fortelje at den har vorte liggande ei tid no grunna mykje omstrukturering på huset, men at dei no den næraste framtida kom til å bruke krefter på å arbeide den inn hjå dei ulike redaksjonane. Dette stiller Kringkastingsringen seg positive til og me kjem til å halde eit auge med utviklinga for å forhindre at planen vert liggande i eit skuffe.
Problemstillinga knytt til at NRK den seinare tida har rekruttert mange leiarar frå både VG og Aftenposten vart diskutert. Kringkastingsringen ytra bekymring for at dei nytilsette frå riksavisene ikkje har same gode kultur for nynorsk som NRK har. Leiinga kunne her forsikre oss om at dei er klar over problemstillinga og ønskjer å syte for at dei nytilsette får ei god innføring i kva samfunnsoppdraget til NRK bestå av. Kringkastingsringen kan konkludere med at begge møte med NRK var gode, og takkar både NRK Super og NRK leiinga for at dei tok oss så varmt imot! Me gler oss allereie til neste gong!