Nytt styre i Kringkastingsringen

Harding held fram som styreleiar 
Eit samla årsmøte stilte seg i går bak styreleiar Guro Kvalnes. Hardingen held dimed fram som styreleiar for Krinkastingsringen. 

– Eg set stor pris på tilliten og gler meg til å brette opp ermene og ta fatt på dei utfordringane som kjem, seier Kvalnes. 

Kristofer Olai Ravn Stavseng og Hans-Olav Rise held fram i styret. Medan Liv Ragnhild Sjursen, Mattias Rolighed Bergset og Martin Årseth kjem inn som nye representantar.

– Det er gode folk som tek til på styrearbeidet, og dei tek med seg ulike erfaringar, eg ser fram til den komande arbeidsperioden, seier Kvalnes

Kvalnes fortel at det kommande året kjem til å vere prega av at det mellom anna er Vinje-jubileum i år, og Kringkastingsringen kjem og til å halde presset oppe mot dei store riksdekkande media og deira ansvar for språket.

– Det er viktig at alle får sjå og høyre språket sitt i media. Arbeidet for meir nynorsk, dialekter og samisk i media er på langt nær over, avsluttar Kvalnes.

——–

Om styremedlemma:

Guro Kvalnes kjem frå Ullensvang i Hordaland. Ho jobbar som marknadskonsulent i Samlaget, og har ein mastergrad i litteraturformidling. Kvalnes gjekk på Nynorsk mediesenter våren 2014, og hadde praksis og vikariat i NRK Kulturnytt.

Kristofer Olai Ravn Stavseng kjem frå Stordal i Møre og Romsdal. Han har studert retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Stavseng er leiar i Oslo KrFU og har vore tidlegare nestleiar i Norsk Målungdom. Nå jobbar han som rådgjevar for politikk og kommunikasjon for Norges Handikapforbunds Ungdom.

Hans-Olav Rise kjem frå Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Han er vikar i innanriksredaksjonen i NRK Nyheter. Rise var nynorskpraktikant våren 2012, etterpå har han jobba i NRK Møre og Romsdal, og studert journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ved sida av studia arbeidde han for NTB og NPK.

Liv Ragnhild Sjursen kjem frå Fusa i Hordaland. Ho er språkkonsulent i NTB-Arkitekst, og har ein mastergrad i språk og kommunikasjon. Sjursen gjekk på Nynorsk mediesenter våren 2014, og hadde praksis i Her og Nå. Etter det har ho arbeidde i NRK Trøndelag, i kommunikasjonsavdelinga til NTNU, og som tek

stforfattar i byrået HvabeHager i Trondheim. 

Mattias Rolighed Bergset kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Han har studert sosiologi ved Universitetet i Oslo og journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Bergset har jobba i Changemaker, NRK Sogn og Fjordane og NRK Nyheter. Nå går han snart over til eit vikariat i Vårt Land. 

Martin Årseth kjem fr

å Lindås i Hordaland. Han har studert historie ved Universitetet i Bergen, og har jobba som journalist i Vest-Telemark blad og NPK. I 2017 var han praktikant ved Nynorsk avissenter i Førde, der han hadde ekstern praksis i Klassekampen. Han har nå fått fast jobb i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner. 

Her frå fyrste styremøte i perioden. Frå venstre bak: Mattias Rolighed Bergset, Martin Årseth, Kristofer Olai Ravn Stavsenv. Framme frå venstre: Guro Kvalnes og Livs Ragnhild Sjursen. Hans-Olav Rise var med på møtet over skype. Foto: Anne Straume