– Om ein vedtek ein plan, så må ein fylgja den opp

Kringkastingsrådet har hatt møte om mangfaldet i NRK. Magni Øvrebotten var ikkje heilt overtydd om at planen å bruke meir for meir nynorsk i NRK går på skinner.

NRK skal spegla det kulturelle mangfaldet i landet, dei skal styrke norsk og samisk og ta vare på nynorsken. Kringkastingsrådet hadde difor mangfald oppe som emne på møtet tidleg i september. Der fekk NRK FleRe, NRK Sápmi og NRK Nynorsk Mediesenter syne fram korleis dei arbeider.
– Det er min påstand at me har nok planar og tiltak for å auke nynorskprosenten, men me må bruke dei, sa Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk Mediesenter, men var samstundes ikkje imponert over NRK sin evne til å fylgje sin eigen plan for meir nynorsk i kanalen.
– Om ein vedtek ein plan, så må ein fylgja den opp. Eg trur ikkje det står på vilja, men meir at det ikkje er noko medvit om dette, sa Øvrebotten, som også hadde med seg råd til NRK-leiinga om korleis ein kunne auke nynorskprosenten.
– Vil me ha tjuefem prosent nynorsk i NRK, så må me tilsetje nynorskbrukarar. Det må bli sett på som ein kvalifikasjon å kunne nynorsk, når det elles er like vilkår. Når me manglar nynorskfolk i redaksjonane, så kan me lyse etter det. Og så me må tilsetje bokmålsfolk som kan skrive nynorsk, slik at det ikkje er alltid dei nynorskskrivande som må skrive bokmål når fleire skal arbeide med ei sak, sa Øvrebotten.

NRK: – Ikkje godt nok
Mediedirektør i NRK, Marius Lillelien, var samd i at utviklinga hadde gått i feil retning dei to siste åra.
– Det har vore ein nedgang i bruk av nynorsk, og det er ikkje godt nok, fortalde han Kringkastingsrådet.
– Difor har me satt i gang tre konkrete tiltak for å betre situasjonen. For det fyrste vil leitar me etter fleire nynorskskrivande journalistar til NRK.no. Dei kan anten kome frå andre stader, men det kan også vera journalistar som kan nynorsk frå før, men som i dag helst skriv på bokmål. Det same gjeld for tilsetjingar i P2, som er den kanalen som kjem dårlegast ut i målingane. Og til sist kjem me til å auke nynorsktekstinga, sjølv om me ligg ganske godt an der, sa Lillelien.  

Sjå innlegget her. Øvrebotten frå om lag 1.35.00 ut i sendinga.