Kulturdepartementet leikar med tanken om å koma med ei stortingsmelding og att på til ei eiga lov om språk.
I den samanhengen har dei bede folk og organisasjonar om å koma med innspel, og under kan de lesa dei me sende inn. Stikkord er lovefesting av språkkrava i NRK, nynorsk i konsesjonar, redaksjonar i distrikta og krav til strøymetenestene.
«Innspel frå Kringkastingsringen til språklov og ei ny stortingsmelding om språk:
Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for mest mogleg nynorsk og dialekt i allmennkringkastinga. Me arbeider også for at samisk skal ha eit rettkome rom i norsk media. Me takkar for høvet til å kome med fylgjande innspel til den komande språkmeldinga:
Det er viktig at heile landet møter nynorsk så ofte som råd er. Det stadfestar posisjonen språket har. Ingen andre stader møter folk meir nynorsk enn i radio, fjernsyn og i tilhøyrande nettaviser. Difor er det viktig at media blir ein del av språkpolitikken. Målrørsla har opp gjennom fått gode målpolitiske gjennomslag. P2 til Trondheim, distriktskontora, journalistutdanninga i Volda, TV 2 og utbygginga av lokalradioane har styrkt nynorsk og dialekt som språk i etermedia. Men heilt avgjerande var sjølvsagt vedtaket om at NRK skal nytte minst tjuefem prosent nynorsk. Det språklege mangfaldet i Noreg syner difor godt att både i den statlege og private kringkastinga.
Men teknologi, eigarskap og finansiering endrar seg i eit rask tempo. Utfordringane er store, og bransjen er endringsvillig. I ein slik situasjon er det fort å leggje vekk det som nest viktigast, t.d. språk. Då lokalradioane la om frå FM til DAB, forsvann konsesjonskrava om norskspråkleg musikk og lokalt redaksjonelt innhald i sendingane.
Difor meiner Kringkastingsringen at det er viktig å stille hardare krav til bransjen, særleg til den delen som nyt godt av statleg finansiering. Poenget med pressestøtte er mediemangfald, og det inkluderer språkleg mangfald.
Her er framlegg til tiltak som me meiner vil sikre nynorsk og dialekt i kringkastinga:
1 Lovfeste språkkrava til NRK
Der ein tidlegare kunne gå ut i frå at posisjonen til ein allmennkringkastar aldri kom til å bli trua, har ein i løpet av dei siste åra sett døme på det fleire stader i Europa. Både den redaksjonelle fridomen og overføringane har blitt skipla. Stortingsmeldinga Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid (Meld. St. 17 (2018–2019)) slo heldigvis fast at NRK skal få ha sin redaksjonelle fridom. Samstundes kom det framlegg om å modernisere finansieringa, men halde henne på om lag same nivå.
Dette er ikkje gitt. Ved å flytte finansieringa vekk frå ei fast lisensavgift og nærare ei politisk avgjerd, så risikerer ein at mangfaldet i NRK kjem under press. Danmarks Radio har det siste året opplevd både kutt i den redaksjonelle fridomen og i finansieringa. Over tre hundre tilsette har måtta gå etter ein mediepolitisk hestehandel. Skulle noko liknande skje med NRK i framtida, er det fort at det er dei ytre laga i drifta som forsvinn. Dei som representerer mangfaldet: NRK Nynorsk Mediesenter, NRK Sápmi, NRK FleRe, distriktskontora.
I dag er kanalen styrt av NRK-plakat, og til dels kringkastingslova. Kringkastingsringen meiner det må vurderast å lage ei eiga NRK-lov, der språkkrava er konkretiserte. Ei slik lov må også ta omsyn til at NRK blir eit stadig viktigare skriftleg organ. Krava kan alternativt vere med i ei språklov.
2 Talfeste krav til nynorsk i konsensjonar
Dei medieorgana som tek i mot særskild pressestøtte, som t.d. dei såkalla meiningsberande avisene og TV 2 som allmennkringkastar, må møte eit krav om ei viss mengd med nynorsk. Dette må ikkje opne for eit tilsvarande krav om bokmål i nynorskaviser. Språka har heilt ulike vilkår, og dette er eit av områda der ein kan rette opp skeivskapen.
Allmennkringkastaravtalen med TV 2 kostar staten 135 millionar kroner i året, men seier berre at kanalen skal bruke både nynorsk og bokmål. Han seier ingenting om kor mykje. Akkurat TV 2 er relativt flink til å bruke nynorsk og dialektar, sjølv om dei også kunne ha synt det i skrift på nettsidene sine. Men det er ikkje gitt at det er TV 2 som søker neste gong noko slikt blir lyst ut.
Difor er det viktig at eit talfest krav kjem på plass i framtidige avtalar om allmennkringkasting. Dette gjeld også om ein skulle lage ein tilsvarande avtale med ein nasjonal radiokanal. Punktet om norsk språk og musikk må styrkast i konsesjonane til lokalradioane.
3 Regionale redaksjonar
For nynorsk som språk i eteren har det vore heilt avgjerande at tunge redaksjonar og miljø har blitt spreidde over heile landet, t.d. NRK P2 i Trondheim og TV 2 i Bergen. Det er særs viktig at styresmaktene legg til rette for eit levande mediemiljø rundt om i heile landet. Det har også synt seg avgjerande å ha ei journalistutdanning i Volda og i Førde. Det gjev stabil tilgang på nynorskjournalistar. Dei andre journalistutdanningane har lite eller ingen fokus på dette.
Stortingsmeldinga Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid (Meld. St. 17 (2018–2019) la vekt på kor viktig det er å ha ei levande lokal presse. Styresmaktene må syte for at det også gjeld lokale radiokanalar. I tillegg må ein også i framtida insitere på å spreie dei største medieprodusentane rundt om i landet.
4 Strøymetenester: avgift og kvotering
Strøymetenestene et seg meir og meir inn i marknaden, og får stort sett gjere det i ro og mak. Industrien blir møtt med få, om nokon, mottiltak frå norske styresmakter. Selskapa som tilbyr film og seriar på denne måten, veks med rekordfart på verdsbasis og norske produsentar har lite å stille opp med. For å demme opp har fleire land i Europa sett krav om at ein viss prosent av det som blir bydd fram, er på nasjonalspråket. Medan det er avgift på kinofilm og dvd-sal i Noreg, er det fritt fram for strøymetenestene.
Det bør kome eit krav om at desse selskapa må by fram norske filmar og seriar, og dei bør i tillegg betale ei avgift som skal gå til produksjon av slike i Noreg. I tillegg er det ikkje urimeleg å krevje at ein del av tekstinga er på nynorsk.»