Regjeringa må stille språkkrav til HBO og Netflix

 

– HBO Nordic og Netflix har dei siste åra fått ein heilt unik posisjon i den norske tv- og filmmarknaden. Særleg hjå dei unge har desse strøymekanalane ein svær del av marknaden. Meiner norske styresmakter noko med språk- og kulturpolitikken sin, må regjeringa snart stille strengare krav til desse aktørane, meiner Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen.    

Strøymetenestene blir møtte med få, om nokon, mottiltak frå norske styresmakter. Selskapa veks med rekordfart på verdsbasis, og norske produsentar har lite å stille opp med. For å demme opp har fleire land i Europa sett krav om at ein viss prosent av det som blir bydd fram, er på nasjonalspråket.

Nygård peikar på at EU i fjor kom med krav om at minst 30 prosent av innhaldet på desse plattformene skulle vere produsert i Europa, og at desse titlane skulle vere godt synlege. Til hausten sender HBO Nordic den første serien dei har produsert i Noreg, som ifylgje Nygård syner at det nyttar å stille krav.

– Både Netflix og HBO Nordic hevdar at det at dei lagar norske seriar, handlar om at Noreg er eit fantastisk land å filme i, men det er påfallande kor positive dei vart etter at dette EU-kravet kom, seier Nygård.

I tillegg til kravet om lokalt innhald, meiner ho at det godt kan kome eit krav om at ein viss del filmane skal tekstast på nynorsk. Det viktigaste tiltaket er likevel å innføre ei strøymeavgift, som ein har gjort i fleire europeiske land.

– Det er avgift på kinofilm og dvd-sal i Noreg. Desse pengane går attende til norske produksjonar. Strøymetenestene distribuerer film og tv-seriar utan noka slik avgift. Det bør regjeringa straks innføre, meiner Nygård.

(Pressemelding)