Ronald Pulk (Foto: NRK)

– Det viktigaste er å finne gjester som kan fortelje historiene på ein god måte, seier Ronald Pulk i Studio Sápmi.

Studio Sápmi debuterte hausten 2016 på NRK2. Ronald Pulk inviterte aktuelle gjester og musikarar i studioet for å snakke om den siste plata og livet generelt. Dette er den klassiske NRK-malen som gjorde Skavlan og Lindmo til rikskjendisar. Og det tok berre éin sesong før også Ronald Pulk var over på NRK1, og det blir også sendt på SVT. Det trass i at gjestene var folk du aldri hadde høyrt om eller musikken kom frå grupper du ikkje visste eksisterte. Til hausten er dei klare med sin sjuande sesong.

– Me må gjere desse samtalane så enkle og forståelege som råd er, fortel Pulk.

– Det er eigentleg universelle ting me snakkar om, det er jo ikkje skilnad der. Alle må forstå kva me snakkar om.

– Men utgangspunktet er at det skal vere eit samisk program?

– Ja, me skal syne fram mangfaldet i det samiske samfunnet. Men me har ikkje det same kjeldegrunnlaget som dei norske programma har, med nordmenn over heile landet. Me må støvsuge det samiske samfunnet for interessante tema og god historier.

– Eg har tenkt at styrken ligg i at programmet kan minne om ei god lokalavis?

– Nja, me har jo eit avgrensa område å henta sakene våre frå, så eg forstår kva du meiner. Men det nyttar ikkje å blir for lokale og innforståtte. Sjåarane er veldig selektive i kva dei ser på, så me må heile tida vite kven me prøver å nå med dei ulike sakene. Skal me nå dei norske sjåarane, nyttar det ikkje å hamne langt ned i detaljane. Difor er det kjekt at eg får flest tilbakemeldingar frå norske sjåarar, om at dei lærer masse om det samiske samfunnet. Det tyder at me greier å seie noko generelt, men likevel også noko spesielt.

– Så korleis tenkjer de om tema, gjester og artistar?

– Det med artistar er veldig enkelt, der held som regel å ha gitt ut ein ny song relativt nyleg. Når det gjeld tema, så prøver me å finne ein rett kombinasjon mellom lett og tungt. I byrjinga var me veldig lette, medan me no gjerne vil ha med eit alvorleg tema om død, sjukdom eller noko. Men det viktigaste er sjølvsagt å finne gjester som kan fortelje historiene på ein god måte.

– Kva er vanskeleg?   

–Me kan ha funne ein fin person med ei fantastisk historie, men det skjer noko når ein kjem i eit studio som vårt. Det er mange kamera, mykje lys og fullt av folk. Då er det fort å stivne og kan hende bli litt introvert. Då er det til lita nytte at historia er god. Så det handlar om å finne dei rette personane.

– Og kva gjer de om det ikkje fungerer?

– Me er ikkje eit større program enn at me må få det til å fungere uansett. Og me har jo etter kvart blitt gode til å vurdere dette på førehand.

– Korleis greier du å halda styr på språka?

– Det kan vere litt utfordande. Av og til har me ein gjest som snakkar sørsamisk, og då vil også eg slite. Då er det eg som treng tolk. Men me vil gjerne at folk skal skjøne kvarandre slik at samtalen flyt utan å bli avbroten av ein tolk. Så stundom gjev me dei norsktalande proppar i øyro slik at dei kan høyre ei simultanomsetjing. Og mange av gjestene kan jo skjøne samisk, sjølv om dei ikkje snakkar det så godt.

– Forsvinn det pedagogiske poenget når de tekstar programmet?

– Eg forstår kva du tenkjer, men ikkje å tekste gjer det berre verre. Mange samar snakkar ikkje godt nok til å henge med på ein samtale på samisk, men kan lære mykje når dei kan hjelpe seg med tekstinga. Dessutan ville me ha mista dei norske sjåarane. Dei blir i alle fall ekskluderte.

– Blir du aldri lei av å vere vert?

– Eg kan bli lei av å sitje framføre kamera og heile tida måtte levere, men nei. Eg elskar å høyre folk fortelje om seg sjølv, om ein episode som endra livet deira. Det er så interessant at eg
ikkje har noko som helst problem med å halde fram med dette. Eg gler meg til hausten!

(Teksten stod fyrst i Kringom 2-2019)