Karoline Riise Kristiansen tilsett som språksjef i NRK

Redaktør Karoline Riise Kristiansen i Nynorsk pressekontor blir språksjef i NRK
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Karoline Riise Kristiansen (41) er tilsett som ny språksjef i NRK. Som språksjef får Kristiansen ansvaret for å røkte språket i heile NRK.

Karoline Riise Kristiansen kjem til NRK frå NTB og stillinga som ansvarleg redaktør for Nynorsk pressekontor (NPK), der ho har jobba sidan 2009.
Stillinga som språksjef er plassert i nyheitsdivisjonen, og nyheitsdirektør Helje Solberg seier ho er glad for å ha fått Kristiansen med på laget.
– Det har vore viktig for oss å finne ein språksjef som både har god redaksjonell erfaring og fagleg tyngde på norsk språk. Det har Karoline, i tillegg til å vere ein positiv kulturskapar som bygger gode relasjonar i nettverk, seier ho.
Karoline Riise Kristiansen sjølv er svært fornøgd med å komme til NRK.
– NRK er Noregs største og viktigaste mediehus, også når det gjeld språk. Eg takkar for tilliten og gler meg til å arbeide saman med alle dei flinke folka som er i NRK over heile landet, seier den påtroppande språksjefen.
Ho tiltrer i NRK 3. februar neste år. Inntil ho er på plass vil Dagsrevyens Ingvild Bryn fungere som NRKs språksjef.
(NPK)