Koseleg med sjakk

Foto: Kjartan Helleve

– Å sjå ei sjakksending skal vera som å bli invitert med på ein hyttetur, seier Ole Rolfsrud. I romjula er det klart for nye parti.

– Eg slo nett «martin0029» frå Nederland med ei rating på 1010.
Ole Rolfsrud møter meg med humør. Han har sjølv ei rating på litt under 1000, så det å slå nokon høgare plassert, gjer godt. Han kallar seg sjølv ein «ganske dårleg» sjakkspelar, sjølv om han dei siste åra har vore tett på dei aller beste spelarane i landet. Nokre triks har han likevel plukka med seg.
– Eg har lært fire ting av Torstein Bae; 1) tidleg utvikling av dei lette offiserane, 2) ta kontroll på sentrum, 3) få kongen trygt plassert og 4) prøv å ikkje dra ut dronninga før trekk ti, forklarer Rolfsrud.
Og han avslører på den måten ein viss yrkesskade. For sanninga er at han knapt hadde noka interesse for sjakk før han vart utegåande reporter under sjakk-VM. I romjula er det klart for ein ny runde med lyn- og hurtigsjakk.
– I 2013 gjekk det ut ein felles-epost om at NRK har fått rettane til å senda VM-kampen mellom Magnus Carlsen i Vishy Anand, i India. «Det startar om tre veker. Me treng eit menneske der nede.» Og eg må innrømma at eg tenkte: India! Vera ein månad i India? Klart eg vil! Heilt i byrjinga var sjakk litt sekundært. Men eg nilas ei bok om Magnus Carlsen på flyet nedover, skriven av Hallgeir Opedal. Etter kvart fekk eg innblikk i det sjuke sirkuset eit VM i India er, fortel Rolfsrud.
NRK visste ikkje heilt kva dei hadde snubla over. Dei frykta at sjakksendingane skulle bli langdryge og laga difor ei rad innslag som dei skulle bryta opp sendingane med. Det synte seg at uroa var overdriven.
– Me brukte ikkje eit einaste innslag. For me måtte venta på trekket. Det var underhaldning nok.

Underhaldning?
– Eg er av den oppfatninga at nitti prosent av det me held på med, er underhaldning. Når du ser på ei femmil, så er jo det underhaldninga. Det ligg vel i sportens natur. Ein vil ha ei forteljing, og ein skal vekkja kjensler.

Men det er meir kos i sjakksendingane?
– Det var medvite heilt frå starten. Eg har ikkje vore med i studio før no sist under VM i Fisher-sjakk, men målet har heile vegen vore at det skal vera som å bli invitert med på ein hyttetur. Praten går rundt bordet mellom trivelege folk. Me inviterer folk inn, og saman skal me sjå på dette sjakkpartiet. Torstein Bae sit der utan sjakkprogram, han veit ikkje kva som er det beste spelet. Han tenkjer høgt saman med dei andre gjestene eller sjåarane. Borghild frå Kyrksætrøra kan koma med framlegg til trekk, og Bae kan seia «Absolutt et godt forslag frå Borghild», men så syna kvifor det ikkje er så lurt. Og det beste er om Magnus Carlsen likevel gjer som Borghild gjorde framlegg om, og då ser du berre føre deg korleis ho sit heime i stova og slår seg på brystet.

Korleis var det å bli ansvarleg, å bli vert?
– Det gjev energi. Ein er jo berre omgitt av flinke folk. Det er berre å prøva å halda stemninga oppe, halda på varmen, få folk til å kjenna seg velkomne. Dette gjeld kan henda særleg no før sendingane i romjula. Me har fått nokre e-postar frå folk som sit åleine, gjerne litt eldre folk, som ber oss om å senda meir av dette.

No har du vel fått litt erfaring frå laurdagsunderhaldninga?
– Det var sjakken som gjorde at eg hamna der. Det var ei leiarsamling i NRK, og eg vart beden om å seia noko om sjakk. Eg valde då å gjera litt ut av det, det var trass alt leiarane som sat der. Mellom dei sat prosjektleiaren for «Alle mot 1», og ho såg tydelegvis noko ho likte, sidan ho bad meg om å vera programleiar.

Kor skremmande var det å få det ansvaret?
– Det var tvert om fabelaktig. Tenk å få den tilliten. Halvannan time direktesendt program, laurdag kveld på NRK1. Det er slik eg tenkjer. Tenk å få ein slik tillit. Og det er heilt fantastiske folk som arbeider der. Eg plar samanlikna det med ein formel 1-bil. Det er så mange som er med på å utvikla ein slik bil, ingeniørar og mekanikarar som arbeider i fleire år med å finna dei beste løysingane. Og det er éin person som skal køyra han. Slik er det eg kjenner det. Difor er eg utruleg godt førebudd til dei sendingane, både fysisk og psykisk og på alle måtar. Det skuldar eg alle dei som har arbeidd med programmet og dei som ser på. Det skal ikkje stå på meg.

Me er jo veldig glade for at spørsmåla og grafikken er på nynorsk. Har det noko med deg å gjera?
– Det har det. Det er jo eg som frontar dette programmet, og nynorsk ligg no ein gong nær måten eg snakkar på. Dette var eit godt høve til å få litt nynorsk inn på ei sendeflate der det ikkje er så mykje frå før. Det var heilt uproblematisk, og eg håpar berre at dei også får det til i app-en.

Så du har eit språkmedvit?
– Det er har eg, absolutt. No har eg fått snakka slik eg gjer heile vegen. Der var eg heldig med timinga. Ingerid Stenvold hadde ein veldig harang med NRK om bruk av dialekt. Ho bana veg, slik at det vart råd å halda på dialekta. Hadde eg kome inn for femten år sidan, så hadde det vore verre. Skal eg vera ærleg, så handlar det mest å ha eit godt språk, og nynorsk er no ein gong eit rikare språk. Det har eit fantastisk potensial. Men det skal òg vera råd å forstå. «Uvita» er eit ord eg ikkje nyttar så ofte, det blir berre støy for folk.

Kva er kjekkast? Sport eller laurdagsunderhaldning? Det er vel no du skal seia at alt er like morosamt.
– Nja, no er det jo skilnad på å vera programleiar i «Alle mot 1» og det å sitja på desken og laga overskrifta «Klæbo håper på å vinne». Må innrømma det.

Du er flink med overgangar og verkar ha ein god tone med dei andre i studio?
– Studiosendingane er veldig formaterte, dei fylgjer ein veldig fast mal. Det einaste rommet ein har for å laga litt energi er nett i desse overgangane. Då snakkar ein med ein annan person, og ein kan nå ein kort kommentar om saka som kom i framkant. Så eg plar alltid sjå den siste nyhendesaka som skal sendast før det er min tur. Om det ikkje er ei sak som handlar om død og kolera, så er det fint å finna noko der ein kan byggja vidare på.

Er det vanskeleg å vera så jovial om du t.d. har ein litt tung dag?
– No er eg veldig sjeldan sur og mørk. Eg har lite å klaga over. Det kan sjølvsagt vera ting eg er usamd i, ting eg kunne ha gjort betre. Men i det eg kjem i studio, så er slikt vekke. Eg justerer sjølvsagt om t.d. Therese Johaug er teken for doping, men i ni av ti tilfelle er det underhaldning me driv på med. Då må me underhalda.

Kjartan Helleve