Kringkastingsringen er glad for at den nye språklova slår fast at styresmaktene har eit ansvar for å fremja norsk språk. Men alt kan bli betre. Her er vårt innspel.
Innspel til Prop. 108 L (2019–2020): Lov om språk (språklova)
Høyring i familie- og kulturkomiteen tysdag 16.06.2020
Kringkastingsringen er glad for at den nye språklova slår fast at styresmaktene har eit ansvar for å fremja norsk språk. Dette har også vore eit av dei viktigaste argumenta for gjeldande norsk mediepolitikk. For nynorsk har nasjonale støtteordningar og lovfesting vore heilt sentrale for å kunna veksa fram til den posisjonen språket har i dag.
Men sjølv om lova har mykje godt i seg, syner meldingsdelen at det er eit stykke frå gode intensjonar til konkrete tiltak. Høyringsnotatet vårt konsentrerer seg difor om meldingsdelen og særleg kapittel 5: Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken.
(5.2.2) Truleg er det gjennom NRK flest nordmenn møter nynorsk og samisk, og grunnen er at det finst tydelege og konkrete krav i NRK-plakaten. Det var ein stor siger at NRK nådde 25 % nynorsk i sendingane sine i fjor, sjølv om dei enno har eit stykke att på NRK.no. Men dette ville NRK neppe ha klart om det ikkje var for ein desentralisert produksjon i nynorske kjerneområde.
Framlegg til merknad:
NRK skal ha levande og sterke distriktskontor som kan levera program i alle sjangrar.
(5.2.3) Men punktet om TV2 syner kva som skjer om det ikkje finst konkrete språkkrav. I den gjeldande allmennkringkastaravtalen mellom staten og TV2 heiter det at «begge de offisielle målformene skal benyttes.» (Paragraf 4-3, pkt 5). Utan noko talfesta prosenttal, er det lett å nå dette målet. Avtalen gjev TV2 135 millionar kroner i året. Når staten går inn med såpass mykje pengar, bør det syna att, også språkpolitisk.
Framlegg til merknad:
Framtidige allmennkringkastaravtalar skal innehalda eit krav om bruk av skriftleg nynorsk og eit krav om mengd.
(5.2.4) Kringkastingsringen skulle gjerne ha sett at fleire norske filmar og dataspel hadde nynorsk som det berande språket. Men eit minimum er at dei tek i bruk dei teknologiske løysingane som gjer det lett å ha med nynorsk og helst samisk tekst på desse produksjonane. Der det tidlegare kosta ein liten formue å senda ein kinofilm ut med nynorske undertekstar, har digitalisering og sentral distribusjon gjort dette mykje rimelegare og enklare. Det gjeld også informasjonsmateriellet som fylgjer med filmane.
Framlegg til merknad:
Dei audiovisuelle produksjonane som får tilskot, skal ha nynorske og samiske undertekstar, menyval og informasjonsmateriell.
(5.2.5) Store delar av norsk presse lever godt på gode statlege støtteordningar som t.d. produksjonstilskot og momsrefusjon. Kringkastingsringen meiner det burde ha vore knytt større språklege krav til desse støtteordningane. Dagbladet nyt t.d. godt av desse støtteordningane, men har samstundes eit forbod om nynorsk på redaksjonell plass.
Framlegg til merknad:
Dei nyhende- og aktualitetsmedia som får offentleg tilskot anten som produksjonstilskot eller som momsrefusjon, kan ikkje ha eit forbod om bruk av nynorsk.
(5.4) Kringkastingsringen meiner det er rett å stilla krav til strøymetenestene, men at framlegget departementet har tenkt å senda ut på høyring, er for veikt. For mykje av ansvaret for å oppfylla dei filmpolitiske målsetningane blir gitt til private aktørar. Ei flat avgift vil etter vår meining vera betre. Midlane kunne ha blitt dirigert til Filmfondet, som har ansvaret for å oppfylla regjeringa sine filmpolitiske målsetningar, også språkpolitisk.
Framlegg til merknad:
Departementet bør vurdera å innføra ei flat avgift på audiovisuelle medietenester tilsvarande kinofilmar og DVD-sal. Inntektene skal øyremerkast nye norske audiovisuelle produksjonar. Det bør koma eit krav om at det skal bli råd å velja nynorsk og samisk undertekst på desse strøymetenestene.