Nynorsk kinoteksting

I etterkant av høyringa om Språklova, sende me inn fylgjande innspel om krav til nynorske og samiske tekstar på kinofilmar:

«Nynorske og samiske undertekstar – Ei utdjuping
16. juni 2020 møtte Kringkastingsringen på komitéhøyring i familie- og kulturkomiteen om Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova). Me hadde følgande framlegg til merknad:

Dei audiovisuelle produksjonane som får tilskot, skal ha nynorske og samiske undertekstar, menyval og informasjonsmateriell.  

Komiteen stilte spørsmål til dette punktet, så me sender difor her ei utdjuping.

Bakgrunn
Lenge var det langt mellom kinofilmar med nynorske undertekstar. Det fanst nokre få filmkopiar av Ronja Røverdotter i 1985, men så gjekk det 23 år til Tropa de elite (2008) vart sendt ut til norske kinoar med berre nynorske undertekstar. Stort sett vart nynorsk sett på som noko som kunne forstyrra kinoopplevinga for dei som er vane med å lesa bokmål trass i at NRK har teksta filmar på nynorsk lenge, og at publikummet difor er vane med det.

Digitale kinoar: nye moglegheiter
Frå perioden 2009 til 2011 vart norske kinoar digitaliserte. Kinoane slutta å syna filmar i fysisk format på filmrullar og synte i staden digitale filer. Dette gjorde distribusjonen enklare og meir effektiv. Dei første åra sende ein rundt små harddiskar, og kinoane kopierte filene til sine eigne system. I dag overfører ein filene via ein server. Som ein konsekvens av dette, er det no mogleg å senda ut kinofilmar i ulike versjonar. Ein kan til dømes distribuera ein film med originalspråket og norske tekstar eller same film dubba til norsk. Ein kan også velja mellom ulike lydsystem, alt etter kva som høver i den enkelte kinoen. Det er opp til kvar kino å velja versjon og tekniske løysingar, og så lasta han over til sine system.

Eit ubrukt potensiale
Eit av vala som no er mogleg, er undertekstar på ulike språk, men det er ikkje mange produsentar og distributørar som har gjort seg nytte av dette. Frå 2011 har det berre kome kome ei handfull filmar med både undertekstar på både bokmål og nynorsk: Få meg på, for faen (2011), Hevn (2015), Skammerens dotter (2015), Rickard Storken (2017) og Skammerens dotter 2 (2019).
Sjølv om det tilsynelatande går rett veg, har me nokre einskildentusiastar å takka for det. Distributøren for mange av desse filmane er eitt selskap, Euforia. Dei fleste andre distributørane ser framleis på dette som eit hinder og i alle fall ikkje noko dei har tenkt å bruka pengar på. Det var til dømes Noregs Mållag som betalte for dei nynorske tekstane til Få meg på, for faen. Samisk tekst er det endå lengre mellom, men det er svært bra at både Chihiro og heksene (2003) og Frost 2 (2019) har kome på kino med samiske røyster.

Positive kinoar
Med så fåe titlar har nynorske undertekstar vore ei nyhende i seg sjølv. Målrørsla har arbeidd for løfta fram desse filmane og har fått positiv respons frå kinoane, men norske kinosjefar er vane med at alt som gjeld filmane er på bokmål, og at nynorsk er eit val som sjeldan kjem. Dette gjeld også alt av informasjonsmateriell og filmomtalar. Nokre kinoar tek seg bryet med å omsetta desse tekstane til nynorsk, andre ikkje.

Tiltak 1: Stille krav til produsentane om nynorske og samiske undertekstar
Frå 2012 har det vore eit krav om at alle norske filmar skal tekstast, og sidan 2017 har det vore eit krav at alle filmar skal synstolkast. I tillegg finst det ei smørbrødliste med materiell som alle norske filmar må levera inn til Nasjonalbiblioteket. Filmprodusentane er såleis vane med krav, og eit krav om undertekstar på nynorsk og samisk vil ikkje vera uvant.

Tiltak 2: Gje distributørar tilskot til undertekstar på nynorsk og samisk
Den viktigaste grunnen til at dei fleste utanlandske filmane berre blir teksta på bokmål, skuldast økonomi. For å ikkje gjera dette til eit hinder, bør det koma ei tilskotsordning som kan finansiera  omsetting til nynorsk og samisk. Det bør også vera rom for at mindre språk som t.d. kvensk og romani kan falle inn under denne ordninga.

Økonomiske konsekvensar
Eit komplett sett med nynorske tekstar og informasjonsmateriell kostar om lag 20 000 kr. Berre tekstinga vil koste om lag halvparten.
a) Kravet til dei norske filmprodusentane treng i utgangspunktet ikkje kosta noko. Både kravet om teksting og synstolking har kome utan at produsentane har fått særskilt tilskot til det.
b) Tilskotsordning for filmdistributørar bør vera så stor at det blir nynorske og samiske tekstar på minst 10 % av titlane i året. Med 250 titlar i kinodistribusjon (2019), vil det seia 25 filmar. Hørselshemmedes Landsforbund har nyleg fått midlar til å teksta dubba barnefilmar. Den ordninga har ei ramme på 250 000. Ei tilsvarande ramme for nynorske og samiske undertekstar ville ha vore eit stort steg framover.

Sluttord: synleggjer språkkrava og midlane
Det er ein skilnad på det å leggja til rette kinofilmar for høyrselshemma og svaksynte og det å teksta filmar på nynorsk og samisk, men dei har til felles at dette er språkarbeid som kjem i tillegg til den eigentlege oppgåva for produsentar og distributørar. Spørsmålet er om ikkje dette burde ha blitt gjort tydlegare. Kunne alle desse tiltaka blitt samla i ein pott? Og burde norske filmprodusentar fått eit flatt og automatisk tilskot som var øyremerkt denne type tiltak? Slik det er no, arbeider dei ulike interesseorganisasjonane kvar for seg, og filmprodusentane greier knapt å hengja med på alle krava dei har på seg. Samordna og tydelege tiltak hadde nok alle involverte sett pris på.