Perspektiv

 

– Det handlar om å ha eit perspektiv som gjer dette til samfunnsstoff, seier Kristi Marie Skrede som har ansvar å dekke Kongehuset for NRK.

– Eg er ikkje ven med nokon av dei. Eg går ikkje på fest me dei, skålar ikkje med dei, er ikkje i omgangskretsen deira. Men i samband med ein reportasjetur til Tanzania om levevilkår for jenter i fattige delar av verda, overnatta eg i ein privat heim saman med kronprinsessa. Og det er klart at det å sove på eit jordgolv saman med kronprinsessa skapar ein relasjon. Men nei. Me har eit profesjonelt forhold. Distansen er der.

I meir enn ti år har Kristi Marie Skrede hatt ansvaret for Dagsrevyen si dekking av kongehuset. Ho har hatt fått vere med på reiser, på oppturar og nedturar. Ho har vore der når det har vore høgtid, og ho har vore der når medlemer av kongehuset har vore mest opptekne av det overnaturlege. Femten år er lenge, og ein skulle tru at ein vart lei. Men nei, Skrede har stadig nye planar.

– Om alt fell på plass, så håpar eg at me får laga eit program om kongen sine femti statsbesøk. Det handlar om å ha blikket utover, eit perspektiv som gjer dette til samfunnsstoff. Når ein i tillegg har dei lange linjene, ser ein kva dette betyr. Gjennom desse besøka ser ein ikkje berre  korleis kongehuset har endra seg, men også korleis verda har endra seg. Dei var der då Russland opna seg, då Jugoslavia løyste seg opp og dei var tidleg inne i Sør-Afrika etter apartheid, seier Skrede.

Noko eige
Dette har vore hennar metode: Dette er ikkje kjendisstoff, det er samfunnsstoff. Etter å ha arbeidd ti år i Dagsrevyen med innanriks, var ho litt mett av den daglege jakta på nye saker. Medan ho var heime i permisjon med unge nummer to, kom spørsmålet om ho hadde lyst å overta ansvaret for kongehuset. Det hadde aldri vore eit mål, og ho fortel at ho hadde eit nøkternt forhold til kongehuset.

– Det freista å ha noko som var mitt eige, noko som gjorde at eg slapp å produsere saker kvar einaste dag, og stadig henge med på dette årshjulet med årsoppgjer, russetid, advent og alt det andre ein har dekt så mange gonger. I byrjinga trudde eg det handla mest om å stå i kø og å fylgje rett protokoll, men eg opplevde at det heilt i frå starten var veldig spennande arbeid, seier Skrede.

For det mangla ikkje på åtvaringar. Folk rundt henne kunne ikkje forstå kva som lokka, og ei veninne lurte på kva det var som lokka, det var lett å bli servil i den rolla.

– Det var to ting som gjorde dette til ei utfording. Eg er fyrst og fremst fjernsynsjournalist, og dette gav meg høve til å fortelje visuelle forteljingar. Dessutan såg eg tidleg at det var råd å bruke dei kongelege til å løfte viktige saker. Dei er gode ljoskastarar. Men eg har lært mykje desse åra, og det er ein reell fare for å bli for servil, men det ligg også veldig mange gode høve til å drive skikkeleg journalistikk.

Det private
Ho fortel at eit av triksa er å ikkje nemne dei med namn, og ikkje ein gong tittel.

– I gitte samanhengar snakkar eg berre om «hovudgjestane», og brukar heller tida på å snakke om det dei kongelege er komne for å sjå eller kaste ljos over. Eg har ikkje lyst berre å snakke om blomsterbarna, eller fylgje dei kongelege steg for steg. Samstundes er det jo ei forventning der, så eg kan ikkje berre snakke om t.d. kvinner som slit eller kva det no er. Stundom fungerer det, andre gonger ikkje.

Kva ansvar har du og NRK for kva bilete de teiknar av kongefamilien?

– Me har eit ansvar, dei er offentlege personar og dei må vente seg merksemd, både positiv og negativ. Men det er skilnad på kongehuset og t.d. politikarar. Dei kongelege må leve med posisjonen heile livet. Å vere rettferdig med dei er å gje dei litt slark. Det er å respektere dei private grensene, og privatlivet.

Me som sjåarar vil også vite noko privat?

– Det er eit dilemma. Alle veit at t.d. kronprinsessa har ein kronisk lungesjukdom, dette har ho snakka offentleg om. Det er ein kronisk tilstand som ho må leve med. Men ho vil sjølv ikkje oppdatere alle om korleis det går med sjukdomen. Difor spør mange meg om korleis det går med henne, om eg veit noko. Kva gjer eg då som journalist? Skal eg henge meg opp i sjukdomen? For eit par veker sidan var me inviterte til Skaugum for å snakke om barn og unge som slit mentalt i koronatida. Folk ville at eg skulle smette inn eit spørsmål om korleis det gjekk med henne. Men ho vil ikkje snakke om det. Ho vil ikkje at sjukdomen alltid skal vere hovudsaka. Det går jo ikkje. Og det må me respektere.

 Også vanskelege spørsmål
Men det er vel ikkje alltid opp til dei å avgjere det?

Vanskelege spørsmål må stillast. Om kongen er på statsbesøk Italia og helst vil at me skal snakke om det han ser der, så må eg spørje om Dagbladet sine oppslag om økonomien i Kongehuset. Men det finst ei rolleforståing og det finst ei privat grense. Og av og til er me nok ikkje samde om kvar den grensa går.

Blir det verre å sjå denne grensa når du har arbeidd med Kongehuset i så mange år?

– Erfaring gjer at det er lettare å sjå grensene og argumentere sakleg når det oppstår usemje. For mange år sidan laga eg eit portrett av kronprinsessa som me fekk mykje kritikk for. Ho hadde fått mykje pepar oppetter, og eg tenkte at dette skulle vere hennar høve til å fortelje si side av historia. Men mange meinte at eg tok i henne med silkehanskar. Då lærte eg at kritikarane må få kome til ordet, også i program som det.

Kan de seie nei til ein invitasjon?

– Det er vi som tek initiativ til å dekke delar av det offisielle programmet. Vi vurderer kvar post på programmet og ser om der er historier eller nyheiter å hente, og det er det ikkje alltid. Men statsbesøk dekkjer me alltid, og me har eit eldre kongepar som me vel å fylgje tett. Men det er sakene som bestemmer, og me dekkjer nok færre saker no enn kva me gjorde tidlegare. Fylkesbesøk gjer me ingenting med, med mindre fylkeskontora vel å gjere noko på det. Dette merkar nok kongehuset også, at merksemda er blitt mindre. Difor har dei også byrja å produsere ganske mykje materiale sjølv, eigne videoar og slikt.

 Iscenesetting
Som eit slags PR-byrå? 

– Ja, det kan du seie. Det er mykje meir iscenesetting no enn tidlegare, Kongehuset finn på meir sjølv i staden for at dei er gjester hjå andre. Det er hagefestar, Afternoon tea og julekonsertar. Som journalist kan jo dette vere litt frustrerande. Eg kan få nei på ein førespurnad om intervju, og om lag samstundes få invitasjon til ei hending veka etter, då dei har noko på hjarta. Men slik er det moderne samfunnet.

Er det problematisk?

– Det er røynda. Slik er det for alle journalistar som skal snakke med nesten kven som helst i det norske samfunnet. Du må alltid ha kontakt med ein eller annan rådgjevar. Men eg snakkar godt med informasjonsavdelinga på slottet.

Til slutt: er du dus eller nyttar du offisielle tiltaleformer?

– Eg nyttar tiltaleformer. Men nokre av dei nynorske variantane er litt tunge, og eg tykkjer det er unaturleg å seie Høgvørde Kronprins. Så eg seier Kongen, Dronninga eller Dykkar majestet.

Og kvar står du i Ingrid Stenvold-ordskiftet?

– Eg meiner at som journalist i NRK Nyheiter så er ikkje språk ei privatsak. Så eg prøver å halde meg til eit normert språk. Når det er direktesending, så fargelegg eg nok meir med dialekt og eigne uttrykk. Men når eg lagar innslag og program, så slår eg opp heile tida for å få det rett. Men ungane min tullar så mykje med dialekta mi og kjem opp med stadig nye tulleord. Eg er mest redd for at eg skal kome til å ta i bruk eitt av desse på direkten.

Tekst og foto: Kjartan Helleve

(Intervjuet stod på trykk i Kringom 2-2020.)