Verdsklasse

– NRK skal levere innhald i verdsklasse. Då må også språket vere i verdsklasse. Det hjelper ikkje med god journalistikk dersom språket er dårleg, seier Eivind Molde.

 Før sommaren vart journalisten lokka inn på eit møterom og ante fred og inga fare. Då han gjekk, hadde han fått Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Du veit at det er ein verdig pris når juryen skriv at «prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål.» Og han er ikkje mellom dei mest kjende andleta i NRK, trass i at han har arbeidd i kanalen i tretti år. Det er heilt medvite.

– Det er klart at eg hadde vore meir synleg om eg t.d. var programleiar eller korrespondent. Men det å vere synleg er eg ikkje oppteken av i det heile. Det fine med NRK er at ein får høve til å gjere mange ulike ting, og det har eg fått rikeleg høve til, seier Molde.

I staden har han brukt tida til å utvikle, og blitt kjend for, eit klårt og tydeleg journalistisk språk som kan formidle sjølv kompliserte saker på ein lettfatteleg måte.

– Det viktigaste for meg er at det eg skriv og seier, er tydeleg og forståeleg for alle, same kvar dei bur i landet. Forenkle mest mogleg og formulere enkle setningar utan vanskeleg ord. Dialektbruk kan fungere godt dersom det ikkje er til hinder for at mottakarane får med seg innhaldet. Vi må sjå bort frå det personlege her. Eg er ikkje viktig. Det at eg skal få snakke med dialekta mi, bruke mine «eigne» dialektord, er ikkje i seg sjølv viktig. Ein små sjå det frå lesarane, lyttarane og sjåarane si side, meiner prisvinnaren.

Grunnsteinen vart lagt heilt i starten av karrieren. Han arbeidde i åtte år i «Bulletengen», nyhenda som kjem på radio kvar heile eller halve time. Å ha seks tusen direktesendingar gjer noko med det språklege medvitet.

– Det er ein god plass å starte. Ein blir medviten om kva detaljane har å seie. Eg vart van med å bruke nynorsknormalen. Det har fungert godt og vore naturleg for meg, også når eg seinare har fått meir plass å boltre meg på, t.d. i reportasjar i Urix eller i Laurdagsrevyen. Kortfatta og enkelt språk er viktig, same kva «format» ein arbeider med. I nyheitsredaksjonen er det eit miljø for å diskutere språk og gje tilbakemeldingar heile vegen. Det er nyttig. NRK skal levere innhald i verdsklasse. Då må også språket vere i verdsklasse. Det hjelper ikkje med god journalistikk dersom språket er dårleg, seier Molde.

Nøkkelen er krav og sjefar som bryr seg
– Det er veldig viktig at leiarane stille strenge språklege krav til dei som blir tilsette her. Jamt over er kvaliteten god på det me publiserer, men rett som det er, snik det seg inn feil, ikkje minst i det som blir publisert på nettet. Eg har akkurat blitt språkkontakt for nynorsk på NRK.no, og ser jo at det er ting å ta tak i. Det å nå målet om 25 prosent nynorsk er sjølvsagt viktig, men nynorsken må også vere god. NRK har etablert ei fadderordning for medarbeidarar som vil bruke nynorsk, men ikkje har så lang erfaring med dette. Det er bra. Det er sjølvsagt også viktig at dei som kan skrive nynorsk, gjer det. Eg trur at me saman kan gjere kvarandre betre, men då må dette arbeidet prioriterast gjennom heile organisasjonen. Og det opplever eg at det blir i dag, seier han.

Dei fyrste nettsidene
Molde byrja som sommarvikar i NRK Dagsnytt i 1989 og vart fast tilsett året etter. Etter åtte år vart han nyhenderedaktør i den nyetablerte Sentralredaksjonen. NRK såg at det ikkje var nokon veg utanom å lage nettsider, eller ein nettportal som det heitte i dei dagar. Det var få journalistar i NRK som hadde særleg erfaring med å skrive nyhende- og sportssaker, det var jo radio og TV det handla om den gongen.

– Noko av det som vart sett på som styrken vår frå starten, var levande bilete. Det hadde ikkje konkurrentane i særleg grad. Tekst var sjølvsagt også viktig. Dei einaste hos oss som hadde særleg erfaring med dette, var dei som arbeidde i Tekst-tv. Så me bygde opp redaksjonen med den redaksjonen som utgangspunkt. Så vart nye rekrutterte etter kvart. Det mest krevjande var å få det tekniske til å fungere, seier Molde.

Nettsidene til NRK feirar tjue år akkurat i haust. Det finst eit herleg innslag frå Dagsrevyen der kanalen eigentleg skal bragle med nyvinninga, men i staden må dei ansvarlege svare på kvifor dei nye nettsidene ikkje fungerer.

– Det var ei krevjande tid, både for oss som skreiv for redaksjonen og for dei som hadde ansvaret for det tekniske. Men me kom i gang, og sidan har det berre gått oppover. Eg tykte det var morosamt at nettstaden nøyaktig tjue år etter oppstarten var kåra til årets nasjonale nyhendenettstad av Mediebedriftenes Landsforening. Då har det blitt gjort noko rett, seier Molde.

Han er ikkje i tvil om at satsinga kom i grevens tid.

– Det var eigentleg aldri nokon diskusjon om kor vidt det var rett, sjølvsagt skulle me presentere nyhende også på internett. Det var ei kjensle av at me var for seint ute, at me stod i fare for å kome bakpå. Oppdraget er å formidle nyhende i flest mogleg kanalar og nå breiast mogleg ut, og då blir dette heilt naturleg

– Men er det rett av NRK å tevle med dei kommersielle aktørane på dette feltet?

– Då me byrja, var ikkje dette noko problem. No ser me at også andre mediehus har levande bilete som ein del av sitt tilbod, og at konkurransen er blitt mykje hardare. Eg skjønar kvifor diskusjonen har kome, men eg trur det er plass til alle aktørane.

Klimasaka
Molde har vore borti det aller meste i tida som journalist, men har dei siste 12–13 åra hatt særleg ansvar for miljø- og klimasaker. Det starta for alvor med ein reportasjetur til Svalbard i samband med Polaråret 2007–2008.

– Det er viktig og interessant stoff i seg sjølv, men det er også visuelt interessant. Me lagar så mange reportasjar om folk som går inn og ut av dører, og her fekk ein høve til å filme noko heilt anna. Det har ført meg til m.a. regnskogen, til Fiji, til Antarktis og Svalbard fleire gonger. Eg har også vore på alle klimatoppmøta sidan København-møtet i 2009.

– Det må ha vore frustrerande.

– Det har slått meg kor lite framgang det er på desse møta. Det verkar å gå utruleg sakte. Men det skjer litt.  Det kom eit gjennombrot i Paris i 2015, og eg kunne intervjue ei nøgd Tine Sundtoft på direkten på tampen av Dagsrevyen. Det har også slått meg at det er stadig fleire unge folk på desse møta, som representerer ulike interesseorganisasjonar. Det er ikkje berre politikarar og byråkratar. Dette skapar eit heilt anna engasjement og fokus enn tidlegare, seier Molde.

Glad i turar
Det finst også ei kopling til privatlivet. Som for alle andre innflyttarar tok det litt tid før han oppdaga Nordmarka. I ti år visste han godt om at det fanst fine turområde i nærleiken, men han tok seg aldri tid til å utforske dei. Men då han fyrst starta, såg han seg aldri attende.

– Det byrja med at eg la ut på skitur frå Frognerseteren i 2000, så gjorde eg det same på sykkel om sommaren. Samstundes etablerte eg eit prinsipp om at eg i løpet av turen skulle innom ein sti, trase eller område der eg ikkje har vore tidlegare. Det har ført meg lenger og lenger ut. Så no reknar eg meg som rimeleg godt kjent i området mellom Moss, Follo, Gjøvik og Hurumlandet, fortel Molde.

Han melde seg til teneste i Skiforeningen, og tok på seg å skrive framlegg til turar på nettsidene deira. I lag med eit par medsamansvorne har han gitt ut ei handfull bøker med slike turskildringar.

– Korte kveldsturar rundt Sognsvann er ikkje noko for meg. For meg handlar det om å oppdage noko nytt. Sjølvsagt handlar det om å kome seg vekk frå byen og finne ein ro, men eg blir alltid fasinert av å sjå nye stader, seier Molde.

Fakta
Eivind Molde
Oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn
Har arbeidd i NRK sidan 1989.
Medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka
Vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020

 

Tekst og foto: Kjartan Helleve

(Intervjuet stod på trykk i Kringom 3-2020)