– Det nyttar ikkje alltid å venta på at det kjem skrivereglar frå dei rette instansane, det viktigaste er å skriva om det som hender, så fort som råd er, seier Karoline Riise Kristiansen, språksjef i NRK.

Ho fekk den varmaste poteten i fanget allereie første dagen på jobb. Ho hadde knapt sett føtene sine innanfor dørene på NRK før spørsmålet kom: heiter det corona eller heiter det korona?
– Eg hugsar akkurat kvar eg sat, kvar Ingvild Bryn sat og kven me ringde til, seier Kristiansen.
For då den store medisinske vekkinga heimsøkte landet vårt, var det ingen som heilt visste kva namn ein skulle nytta. Ingen visste heilt kva det var for noko heller. Og nokon meinte at NRK berre skulle slutta å skriva om det, sidan det berre skapte frykt.
Men det fylgjer eit visst ansvar med det å vera allmennkringkastar. Det nyttar ikkje å stikke hovudet i sanden. Og om ein skriv korona med k i Noreg, så heiter det nye viruset koronaviruset.
– Og kor lenge kan ein snakka om «det nye» koronaviruset? Då ein etter kvart såg spor av at det hadde mutert, kva er då det gamle? Ei stund trudde ein at covid-19 var namnet på viruset, før ein forstod at det var namnet på sjukdomen, seier Kristiansen.

Frå c til k
Ho fortel at det var fasinerande å sjå korleis ein så stor organisasjon gradvis endra skrivemåten frå c til k. Og etter kvart har også dei fleste andre media gått over til den norske skrivemåten.
– Dette er ei av dei største utfordringane. Det dukkar heile tida opp saker og tema der ein rett og slett ikkje har nokon fasit. Det nyttar ikkje å venta på at det kjem reglar frå dei rette instansane om dei ikkje finst enda. Det viktigaste er jo sjølve nyheita (å skriva om det som hender, så fort som råd er). Då er det ikkje alltid me landar på rett ord eller uttrykk på første forsøk, og då må det vera råd å endra kurs. I situasjonar som den me er oppe i no, har også NRK eit særleg ansvar. Difor prøver me å forklara kva dei ulike omgrepa tyder, med faktaboksar og hjelpesetningar. Det viktigaste er at folk forstår det dei les, seier ho.

Raske endringar
Dette gjeld også når samfunnet endrar seg. NRK har utarbeidd fleire ordlister, mellom anna ei eiga for saker der ein brukar fleirkulturelle ord og uttrykk. Den vart seinast revidert i 2014, og ber preg av det.
– Det er litt skummelt å ha bastante reglar. Ting endrar seg så fort, språket er levande og utviklar seg i fart, verda blir mindre og det nyttar ikkje å insistera på det som var rett for mange år sidan. Mykje av jobben handlar om å leita (om att) etter aktuelle ord og uttrykk, finna ut kva som er den gjeldande språkbruken. Børge Nordbø er vår eigen språkkonsulent, og me har femti språkkontaktar rundt om i organisasjonen. Men me må også ut i samfunnet, og me har stadig kontakt med ulike interesseorganisasjonar og fagmiljø der spisskompetansen sit, fortel Kristiansen.
Det har vore eit travelt halvår, og det er ikkje til å koma i frå at det stundom har gått ut over den språklege kvaliteten. Kristiansen innrømmer at det ikkje har vore godt no, men ber om forståing.
– Eg var utruleg imponert over korleis me greidde å kasta oss rundt då pandemien braut ut. Heile sendeflater vart endra, det var nyhendesendingar heile døgeret og alt vart gjort medan halve staben sat på heimekontor. Folk vart flytta mellom avdelingane og alle tok det på strak arm. Det var ei dugnadsånd som eg vart glad og overraska over å sjå. Men dette er ikkje utan kostnader, seier ho.

– Me er ein allmennkringkastar og skal sikta mot verdsklasse, også på språk.

Rutinar må på plass
Journalistar og redaksjonar kjem ut av dei vanlege rutinane sine. Kollegaen som ein vanlegvis ber om å lesa gjennom, er ikkje på pulten ved sida av. Ein gløymer å køyra saka gjennom stavekontrollen, og brått har feilen skjedd.
– Men eigentleg skil ikkje denne situasjonen seg særleg ut. Alt handlar om rutinar og arbeidsflyt, og om korleis ein kan bli betre. Kven las gjennom saka? Kva verktøy vart nytta? Korleis er praksisen i redaksjonen? Dette er spørsmål som alltid kjem til å vera der, også når me nærmar oss ein normal kvardag. Ein klassisk feil er t.d. at journalisten får inn eit siste sitat, noko ho har venta på heile dagen. Så set ho det inn i saka og publiserer utan å køyra stavekontrollen på ny. Dette kjem også til å skje i framtida. Målet er få på plass rutinar og sikkerheitsnett som gjer det vanskelegare å gjera feil, seier ho.
Kristiansen seier at NRK har eit særleg ansvar for godt språk.
– Me er ein allmennkringkastar og skal sikta mot verdsklasse, også på språk. Det er lett å retta opp i ei sak som ligg på nettsidene, men den burde ha vore feilfri frå start. Me må ikkje tru at me ikkje gjer feil. Me må heile tida tru på at me skal bli betre. Me har reglar, men kan alltid bli betre. Noko av dette handlar også om større spørsmål, som t.d. kvaliteten på sidemålsundervisninga i skulen, tilgangen på digitale læremiddel på nynorsk osb., seier Kristiansen.

Positivt overraska
Ho trekkjer fram fadderordninga, nettkurs og NRK Nynorsk Mediesenter som døme på tiltak. Generelt sit ho med eit inntrykk av at organisasjonen tek språkarbeidet på alvor.
– Før eg starta, høyrde eg rykte om lesarar som reagerer negativt på skriftleg nynorsk, og at dette hadde spreidd seg til redaksjonane. Men eg har opplevd det totalt motsette. Nynorsk og språk blir løfta opp, eg blir løfta opp for å snakke om det, leiarar skriv informasjonsskriv på nynorsk og kringkastingssjefen veit de kvar står. Men nynorsken er for viktig til berre å bli redda av eit skippertak kvart år. Me må få det inn i verktøy og strategiske planar for at det skal gi resultat.
Ho meiner at rekrutteringa er ein god stad å starta, for ho innrømmer: det er for få nynorskbrukarar i NRK.
– Me bør få inn fleire nynorskjournalistar, til liks med fleire journalistar med fleirkulturell bakgrunn. Me, og då meiner eg altså alle som er opptekne av språk, må få opp statusen på nynorsk i journalistikken og i samfunnet elles. Der har me alle eit ansvar, seier Kristiansen.

Kjartan Helleve

 

Faktaboks
Karoline Riise Kristiansen
Tidlegare sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor (NPK).
Språksjef i NRK sidan februar 2020.
Skal vera språkleg rådgjevar for alle redaksjonane i NRK, skal måla, rapportera og evaluera språkbruk og sørgja for at språkreglane blir gjort kjende og tekne i bruk av hele NRK.