Kringkastingsprisen til Arve Uglum

Arve Uglum og Kjartan Helleve. (Foto: Anders Huke/Sogn Avis)

Journalist og redaktør Arve Uglum har fått Kringkastingsprisen 2020. Han får prisen for arbeidet med tv-serien Der ingen kunne tru at nokon kunne bu.

Prisen har blitt delt ut sidan 1978 og i fjor var det Ronny Brede Aase som fekk heideren.

Utdelinga fann stad i redaksjonen til Sogn Avis, der Uglum no er redaktør. Dagleg leiar i Kringkastingsringen, Kjartan Helleve, overrekte blomar og eit trykk av Hanne Borchgrevink.

– Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på, sa Uglum i takketala.

– Det held å bruka forteljinga sine eigne premiss. Du kan vera nedpå og du treng ikkje bruka eit veldig blomstrande språk. Det lærde eg i Firda, tok det med meg i åra i NRK og prøver å leva etter det her i Sogn Avis. Men dette er ikkje berre min metode, eg trur det er ein sognamåte. Tusen takk for prisen, sa Uglum.

Det er styret i Kringkastingsringen som er jury for prisen.

Heile grunngjevinga:

«Der ingen kunne tru at nokon kunne bu har sigla opp til å bli det fremste nynorske fjernsynsprogrammet, i skarp tevling med evigaktuelle Med hjarte på rette staden. Og nynorsk er det. Det er nesten parodisk korleis programmet tek oss med til folk som i all hovudsak skriv, eller burde ha skrive, hovudmålet. Det er natur, fjord og fjell, og ein kunne like godt kledd programleiaren opp i bunad. Snakk om å fyra oppunder mytane.

Mykje av grunnen til suksessen til programmet ligg i at me sjåarar får realisert vår indre draum om å bryta opp, flytte til ein knaus og lære oss eit handverk. Gle oss over ein sommarfugl i graset ein sommarsdag. Det som i utgangspunktet er sært og utenkjeleg, blir med eitt det normale. Slik er det også med språket alt blir formidla på. Det som i utgangspunktet kan virke som ein parodi, blir noko naturleg.

Det må vera ein kunst å finna nivået. Det må vera fort å hamne i det sentimentale og det romantiserande. Bygge opp under myter om livet som sjølvbergar. Men prisvinnaren går ikkje i den fella. Språket er nesten nøytralt, det er direkte og utan fjonge ord. I tillegg får også fotografen og bileta også lov til å leggja bitar i puslespelet. Den breie dialekta gjer avsendaren tydleg likevel. Språket er upersonleg og personleg på same tid.

Dette lyfter møta med desse raringane langt til fjells og på den nøgne ø. Dei er sikkert vane med å bli konfrontert med valet om å bu for seg sjølv, vane med å bli sette i bås og få utdelt ei rolle. Men dette korthogde språket som årets prisvinnar nyttar, gjev ein annan samtale. Intervjuobjekta får nytta sitt eige språk, og dei står tydlegare fram. Skilnadane blir større. Kvardagen kan likna, men motiva og draumane er ulike. Dette er ei bragd å få til.

Ingenting er meir innlysande enn å gje Kringkastingsprisen til programleiaren for Der ingen kunne tru. Det er så sjølvsagt at ein eigentleg burde unngå det. Men det er ikkje mogleg. Det ikkje råd å late innsatsen for å gjera nynorsk og dialekt til det mest naturlege i verda gå upåakta hen. Det GÅR an å hoppe etter Bruaset.

I tillegg er dette også ein takk for lang, men ikkje heilt tru teneste for i kringkastinga. Sjølv om der er råd å henta fram godbitar frå arkivet, håpar me også at det ein gong i framtida blir råd å høyra silkerøysta frå Sogn i nye program.

Vinnaren av Kringkastingsprisen 2020 er Arve Uglum.»