Ruset held fram som leiar

Inger Johanne Ruset (35) frå Valldal i Møre og Romsdal har teke attval som leiar i Kringkastingsringen. Sjølv om det første året som leiar vart spesielt, tykkjer ho at organisasjonen har greidd å markere seg.

– Vi er særleg nøgde med at vi har greidd å løfte nynorsk og samisk mediespråk inn i arbeidet med ny språklov, seier Ruset.

– Vi ser at den teknologiske utviklinga gjev nye moglegheiter for språkmangfald. Til dømes har det på få år blitt mykje enklare å få nynorske eller samiske undertekstar på kino. No er utfordringa å sørge for at slike undertekstar faktisk kjem, og her kan vi ta ei viktig rolle. Samstundes har vi ambisjonar om å utvikle samlingsarenaer for nettverksbygging, og for å løfte fram problemstillingar som er aktuelle for oss. Korona hindra oss i å ha møteplassar det siste året, men vi satsar på å kome sterkt tilbake til hausten, seier Ruset.

Det nye styret er: Inger Johanne Ruset (leiar), Mone Celin Skrede, Kari Nygard Tvilde, Anders Boine Verstad, Ingjerd Lindeland, Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad og Hans-Olav Rise.

Varamedlemer: Arne Henning Årskaug, Ivar Bruvik Sætre, Mona Vetrhus og Vegard T. Foseide