Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 får nynorskprisen for journalistar

Foto: Magni Øvrebotn, Nynorsk Mediesenter

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt på nyhendeankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2. Duoen trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen overraskande dukka opp på arbeidsplassen torsdag.

Begge prisvinnarane trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet med nyheitssjefen, og vart oppriktig overraska då juryen dukka opp i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen.

– Eg kjenner at eg har høg puls. Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm.

– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Arill Riise.

TV 2 vil oppmuntre til bruk av begge målformer
Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Dette er ikkje minst ei påminning til TV 2 om at vi må halde i hevd og oppmuntre til bruk av begge målformene, sa TV 2-sjef Olav Sandnes.

Han var til stades på prisutdelinga og delte ut blomster til prisvinnarane. Han sa at jobben dei to gjer med nynorsk er viktig for TV 2 som allmennkringkastar.

– Vi er utruleg stolte over å ha dykk som profilar på TV 2, sa han i talen sin.

Prisvinnarane synleggjer nynorsk for mange
I alder er det nesten tre tiår mellom dei to prisvinnarane, og samla representerer dei kontinuiteten og framtida for nynorsk i eit mediekonsern som i stor grad er dominert av det mest brukte av dei to norske skriftspråka.

– På eitt område har TV 2 arbeidd godt med nynorsk i lang tid. Kanalen har sytt føre å ha fleire dyktige nyhendeanker som nyttar normert nynorsk i sendingane. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2021 går til to av desse som begge på ein føredømeleg måte løfter fram og synleggjer nynorsk for eit breitt publikum, meiner juryen bak prisen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i fjor delt ut til Eivind Molde under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo. I år vart prisen delt ut på arbeidsplassen til Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 i Bergen.

Føredøme for andre
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Med to prisvinnarar, deler dei pengeprisen mellom seg, men dei får eit kunstverk kvar.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide var den første vinnaren.

Juryen
I juryen for nynorskprisen for journalistar er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar i TV2. Elles sit Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, i juryen.

(Pressemelding)

Tags: