27-åringen frå Stord startar i dag i ny jobb som vikarierande dagleg leiar i Kringkastingsringen.
Malin Langøy Aarbø har tidlegare studert journalistikk ved Høyskolen Kristiania i Oslo, og har dei siste åra jobba frilans for ulike mediebyrå.
No er ho klar for å ta fatt på nye utfordringar, som vikar for dagleg leiar Kjartan Helleve den komande hausten.
– Eg har berre følgd med frå utsida, men mitt inntrykk er at Kringkastingsringen er den beste organisasjonen i heile verda, fortel 27-åringen.
Ho har sjølv alltid hatt eit brennande engasjement for nynorsk og språkutvikling.
– Eg gler meg skikkeleg til å få arbeide med nynorsk mediespråk, seier ho.