Kringskastingsprisen 2021 til Magni Øvrebotten

Ivar Bruvik Sætre delte ut prisen til ei overraska Magni Øvrebotten.
(Foto: Nynorsk Mediesenter)

Tidlegare leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, har fått Kringkastingsprisen 2021.

Øvrebotten var i mange år distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, før ho tok til på det viktige arbeidet med å utdanne nynorskjournalistar. Ho vart pensjonist i sommar, og Kringkastingsringen såg dette som eit høve til å takke henne for innsatsen ho har lagt ned.

– Få, om nokon, har hatt meir å seie for at nynorsken har fått bløme i media dei siste 30 åra, meinte juryen, som er styret i Kringkastingsringen. Utdelinga fann stad i NRK-bygget i Førde. Utdelinga kom som ei overrasking på prisvinnaren.

– Eg er både stolt og glad. Ofte går prisar til dei vi ser og høyrer på TV og radio, og ikkje til oss bakspelarar, seier Øvrebotten. Prisen blei i dag utdelt av Ivar Bruvik Sætre, varamedlem til styret. Prisen er eit grafisk trykk.

Grunngjevinga:

«Vanlegvis går denne utmerkinga til «stjernene», dei vi ser og høyrer kvar dag. Kringkastingsprisen skal jo delast ut til ei røyst «som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet». Prisen er blitt delt ut til programleiarane, til nyheitsankera og til dei kjende radiorøystene.

Men av og til må ein ta eit steg tilbake – nokre gonger må ein sjå bak kameraet. For det er som med gode filmar: For at skodespelarane skal kunne skine, trengst det eit glimrande manus, ein god regissør, og ein produsent som sikrar at alt går som det skal.

I dag vil vi heidre den personen som har vore både manusforfattar, regissør og produsent for nynorsken i NRK. Utan denne personen ville mange av dei store radio- og TV-røystene aldri ha eksistert. Sjølv mange tidlegare vinnarar av Kringkastingsprisen har årets prisvinnar å takke for at dei enda opp i TV og radio.

Vi i Kringkastingsringen veit så uendeleg godt kor viktig det er å vere vaktbikkje for kringkastinga. Om ingen seier ifrå, stiller spørsmål eller hevar stemma, er det lett for NRK å trekke litt på skuldrene og sjå bort kvar gong nynorskkravet ikkje blir oppfylt. Ingen har heva stemma eller sagt ifrå oftare enn dagens prisvinnar.

Ho blei distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i 1990 og byrja raskt å rekruttere journalisttalent med nynorskbakgrunn. Morten Sandøy, Ingunn Solheim, Kristi Marie Skrede, Håkon Haugsbø og Solveig Barstad er alle namn som gjekk «førdeskulen» på 90-talet. I Førde ønskte ein å formalisere ordninga, men ein møtte motstand i Oslo-leiinga.

Prisvinnaren slutta likevel aldri å kjempe. Den store sigeren kom då NRK Sogn og Fjordane gjekk mot ei uønskt samanslåing med NRK Hordaland i 2002. Med hjelp frå kulturminister Valgerd Svarstad Haugland nådde prisvinnaren gjennom og fekk stansa den styrevedtekne samanslåinga. NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram, og ut av sigeren kom Nynorsk mediesenter i 2004.

Snart 18 år seinare ser vi, svart på kvitt, kor viktig kampen til prisvinnaren var. Som dagleg leiar for Nynorsk mediesenter har ho tilsett, lært opp og følgt opp eit lite hav av nynorskbrukande journalistar. Praktikant nummer 180 starta ved mediesenteret i januar.

«Mor Magni», heitte det frå nynorskpraktikantane då prisvinnaren blei takka av i fjor sommar. Få, om nokon, har hatt meir å seie for at nynorsken har fått bløme i media dei siste 30 åra. Vinnaren av Kringkastingsprisen 2021 er Magni Øvrebotten.»

Juryen er styret i Kringkastingsringen.