Mone Celin Skrede ny styreleiar

Mone Celin Skrede frå Ytre Hareeid i Møre og Romsdal er vald til styreleiar i Kringkastingsringen.

– Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takka for tilliten, seier Skrede.

– På mange felt går det godt for nynorsk journalistikk. Fleire aviser har opna for nynorskskrivande journalistar og NRK nådde i fjor målet om 25 % nynorsk. Samstundes ser vi at medievanane endrar seg fort, og at det dei tradisjonelle verkemidla ikkje treff like godt som før. Folk skapar no sin eigen mediekvardag gjennom strøymetenester og podkastar. Å syte for at styresmaktene har ein språkpolitikk også for desse nye mediekanalane blir viktig frametter. Difor vil ein organisasjon som vår vera viktig også i framtida, seier Skrede.   

Ho er utdanna journalist og har m.a. jobba i Vikebladet Vestposten, Dag og Tid, Nationen og Aftenposten. Ho arbeider no hjå Uloba, som er ein ideell organisasjon som arbeider for likestilling av funksjonshemma.

Det nye styret er: Mone Celin Skrede (leiar), Ingjerd Lindeland, Anders Boine Verstad, Ivar Bruvik Sætre og Robin Leander Wullum. Varamedlemmer: Arne Henning Årskaug, Vegard T. Foseide og Hans-Olav Rise.