Kringkastingsringen har stått utan dagleg leiar nokre månader, men no er vi på lufta att! Aksel Torsnes Mehlum (47) er tilsett i deltidsstillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen frå 1. november 2023.
Aksel kjem frå Romsås i Oslo og har mellom anna arbeidd som kurshaldar og språkrådgjevar i Språkrådet og som kommunikasjonsrådgjevar på (dåverande) Høgskolen i Oslo og Akershus. I bagasjen har han elles ein mastergrad i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og han er særleg oppteken av den norske rettskrivingshistoria.
Aller øvst på oppgåvelista står medlemsbladet Kringom, som dukkar opp i postkassa hjå medlemmene om kort tid.
– Eg gler meg til å komme skikkeleg i gang i denne jobben. Ta gjerne kontakt via Facebook-sida vår eller på post@kringkastingsringen.no om du har spørsmål eller innspel, seier Aksel.