– Harald I samla landet med vald og tvang, men Harald V gjer det med ord og verdiar.
Det seier Are Sende Osen etter å ha fullført storprosjektet sitt.

Podkastserien «Kongerekka» (NRK Radio) har vore ein stor suksess sidan starten i 2020. No er Are Sende Osen og gjengen ferdige med den 43. og siste episoden, og vi fekk ein prat om korleis det har vore å dykke ned i noregshistoria på denne måten.
NRK omtalar «Kongerekka» som ein norsk versjon av «Game of Thrones». Korleis fekk du ideen til serien? Låg interessa der frå før?
– Eg hadde lese Spartacus-serien Sagakongene, ti biografiar som kombinerer sagalitteraturen med moderne forsking og arkeologi, og gjekk til kollega Torfinn Borkhus og sa: «Noko slikt må vi lage i NRK!»
Eg tenkte ikkje spesielt på meg sjølv den gongen, men Torfinn oppmoda meg til å setje i gang sjølv. Mottakinga var heller lunken i NRK-systemet, men samstundes tenkte dei vel at om nokon skulle gjere dette, måtte det vere allmennkringkastaren NRK.
Vi hadde ein fin oppstartsverkstad med flinke folk og samla oss om eit slags mantra for serien: «Korleis ville Se og Hør gjort det?» Dimed vart det mykje intrigar, skandalar, romansar og sex!
Eg har alltid lese historiske romanar, ikkje minst frå vikingtida og mellomalderen. Torill Thorstad Hauger, Frans Bengtsson og Sven Wernström gav meg mange leseopplevingar i ungdommen. Desse forfattarane skreiv jo om vanlege folk, men i «Kongerekka» handlar det verkeleg om den øvste einprosenten – eller eigentleg halvprosenten, for kvinnfolka er jo stort sett berre nemnde som mora, kona eller dottera til nokon.
Serien blir til gjennom eit samarbeid mellom deg, produsent Ragnhild Sleire Øyen og eks-NRK-ar Jan Fredrik Beck-Bjørntvedt. Korleis arbeider de?
– Først set vi oss saman i tre–fire dagar for å lage eit såkalla sujett, ein slags disposisjon som omfattar framdrift og fakta i episoden. Vi brukar mykje tid på å semjast om kva som er hovudhistoria til nett den kongen denne episoden skal handle om. Eit døme er Eirik Blodøks – kongen som heller ville svinge øksa enn å vere administrator. Så set eg i gang med manusskrivinga, og i denne fasen er alt lov. Deretter går Ragnhild gjennom utkastet mitt, før vi set oss ned saman og skrur det til.
Ikkje minst er manuset innom NTNU-professor Randi Bjørshol Wærdahl for ein faktasjekk og gjerne andre kommentarar. Men Randi likar ikkje at eg nemner namnet hennar, for ho vil gjerne unngå sinte brev frå pensjonerte historielektorar!
Musikken til SyncPoint er ein viktig del av konseptet. Korleis kom dette samarbeidet i stand?
– Når ein lagar podkast, er det strenge reglar for bruk av offentleg utgjeven musikk. Difor kontakta vi det trondheimsbaserte studioet SyncPoint. Vi i redaksjonen var samde om at vi ikkje ville ha lur og munnharpe; her skulle det vere skjeggete og snuskete rock. Samarbeidet med SyncPoint har vore utruleg bra!
Særleg i dei første sesongane er Snorre ei sentral kjelde. Korleis har du lese sagalitteraturen?
– I tillegg til Snorre har eg lese Flatøybok, Ågrip, Morkinskinna og Fagrskinna. Praktutgåva av Snorre frå 1899 er ei fantastisk bok, men historikarar likar best jubileumsutgåva Gyldendal gav ut i 1979. Eg har òg lese ein god del av Snorre på nett på nynorsk. Heile Heimskringla ligg ute på nett – nokre sagaer på eit gammalmodig dansk og andre på eit nokså arkaisk nynorsk. Dei sistnemnde er lettast å lese.
Sjølv om skaldekvada han stødde seg på, er truverdige, er jo ikkje Snorre så påliteleg som ein trudde før. Eit døme på det er historia vi kjem inn på i episoden om Olav Tryggvason, der han bind fast ein gjeng med seidmenn til eit skjer for å døy når floda kjem. På Island – der Snorre sat og skreiv – er rett nok tidvasskilnaden mest to meter, men ved Karmøy – der dette skulle ha hendt – er skilnaden berre nokre centimeter. Du skal vere bra liten for å stryke med på den måten der, altså!
Podkasten er ein enorm lyttarsuksess med fire millionar klikk, bøkene dine får ros, og du blir invitert til å halde føredrag landet rundt. Har du fått eit nytt publikum med denne serien?
– Det er sjølvsagt stas med publikumssuksess og terningkast fem. Norsklæraren min frå skuledagane – som aldri gav meg nokon femmar i norsktimane – dukka opp på eit arrangement og kjøpte boka. Det var jo ei oppreising! Ei anna hyggjeleg tilbakemelding kjem frå familiar som fortel at dei høyrer på «Kongerekka» i lag i bilen. Det er nett slik vi ønskte det!
Med 1200 år, 67 kongar og 43 episodar i bagasjen har eg alltid noko(n) å snakke om når eg blir invitert ein eller annan stad. Eg har snakka for pensjonistforeiningar og på skular, på vikingfestival og for juristar på Stortinget – og eg har halde føredrag på ein sjukeheim i Valdres der ein av tilhøyrarane ropte at det fekk vere nok etter tjue minutt, for då var det på tide med kringle!
Og så har eg faktisk vore på Slottet, sjølv om det ikkje var kongen som inviterte meg. Eg skulle halde føredrag på ei samling for dei tilsette, og det var stas å gå over Slottsplassen og seie til gardisten at eg hadde ein avtale med hoffsjefen!
Har du fått nokon aha-opplevingar i arbeidet med «Kongerekka»?
– Eg kunne jo litt om dei mest kjende figurane og hendingane, men eg har lært masse og hatt det gøy! Vi var nok litt spente då vi skulle i gang med dansketida, om dei kongane kunne vere underhaldande nok. Men vi skjønte kjapt at det kom til å gå heilt fint! Dei var jo galne, heile bunten – drakk med båe hendene, hora, festa og tura fram utan å høyre på rådgjevarane sine.
Men det kongehuset vi har i Noreg i dag, har eg fått desto større sans for. Sjølv ein republikanar som eg tykkjer at kongefamilien er ein veldig bra gjeng. Det har vore ei lykke for landet at vi fekk dei, og alt dei har gjort.
Harald Hårfagre samla Noreg med vald og tvang, medan Harald V samlar Noreg med ord og verdiar. Han er ein flott representant for yrket sitt og verkar som ein veldig bra mann. Det er imponerande korleis heile familien greier å balansere familieliv, det å vere i søkjelyset og dei oppgåvene dei har.
Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike. Kva trur du han ville meint om den mangslungne språksituasjonen vi har i Noreg i dag?
– Det har eg faktisk tenkt litt på. Vikingkongane reiste jo masse, men greidde tydelegvis å gjere seg forstått anten dei var i England, på Sicilia eller i Gardarike. Men Harald Hårfagre var jo ein valdeleg krigar, så kanskje han hadde tvinga alle i Noreg til å snakke sognemål – eller hadde han kanskje likt dialektmangfaldet? Det er ikkje godt å seie.
Haakon VII var dansk, og danskar flest er jo ikkje så gode i norsk. Førte dette til noko språkleg trøbbel?
– Haakon var ein skvær og heiderleg fyr som gjorde det rette gong på gong, så sjølv om han snakka dansk heile livet, gjekk det nok fint. Alt for Noreg, veit du!
Men sjølv har eg knekt koden for korleis ein nordmann skal gjere seg forstått i Danmark. Eg trudde i mange år at det gjaldt å snakke så sakte og tydeleg som mogleg, men det er jo heilt motsett! Når eg snakkar kjapt og utydeleg, trur dei eg er ein av dei.
Du har fortalt om meir enn 60 monarkar. Har du ein personleg favoritt?
– Haakon VII er favoritten, med Harald V som ein god nummer to. Men det er kanskje litt dårleg gjort mot viking- og mellomalderkongane å jamføre dei med kongane i vår eiga tid? Uansett gjer både Haakon VII, Olav V og Harald V det særs godt når ein set dei opp mot kongelege i andre land i vår tid!
Skal eg velje ein favoritt frå dei første hundreåra, må det bli Olav Kyrre. Han var konge i 26 år, men fekk berre to sider hjå Snorre – fordi han ikkje hadde starta ein einaste krig.
No er du i mål med heile kongerekkja! Korleis er det?
– Det er artig å gje seg når noko er fullført! Med alle medium og distraksjonar vi blir pepra med i dag, er det tilfredsstillande å fullføre noko.
Så kjære Kringom-lesar! No har du sjansen til å høyre deg gjennom alle dei norske kongane, slå deg på brystet og seie at du har fullført!
Eg har eit nytt prosjekt på gang, men førebels er det litt hemmeleg, for eg veit ikkje sikkert om eg får gjennomført det eller ikkje. Så fort eg veit det, skal eg seie frå!
Intervjuet stod på trykk i Kringom nr. 2/2023.