Kringkastingsprisen til Eivind Molde

Kringkastingsprisen for 2023 skulle ha vore delt ut tidleg i vår, men omsider klaffa det å få overraska prisvinnaren!

Styre- og juryleiar Jógvan Helge Gardar og dagleg leiar Aksel Torsnes Mehlum hadde alliert seg med nyheitsleiinga i NRK, og prisvinnaren ante ingenting då grunngjevinga vart lesen opp på fredagsmøtet i nyheitsredaksjonen på Marienlyst.

Eivind Molde får diplomet av styre- og juryleiar Jógvan Helge Gardar. Foto: Christian Fougner / NRK.

Eivind Molde har vore ei stø nynorskrøyst hjå NRK i 35 år og har arbeidd på alle plattformer og i alle sjangrar. Juryen var ikkje i tvil om at han fortente prisen. Etter overrekkinga vanka det lovord frå dei mange kollegaene som var til stades, og køen av gratulantar var lang.

Prisen er eit diplom og eit kunstverk, denne gongen laga av biletkunstnaren Erlend Wiggen Bliksrud.

Eivind Molde med kunstverket. Foto: Inger Marit Kolstadbråten / NRK.

Heile grunngjevinga:

Etter 6000 Dagsnytt-bulletengar vart prisvinnaren ein av pionerane i nettsatsinga i NRK, og gjennom 35 år har han levert stoff i alle sjangrar og på alle plattformer. Han er ein av dei fremste nyheitsjournalistane på sitt felt, utanriks, og utmerkjer seg som ein framifrå formidlar av tungt fagstoff, til dømes på klimaområdet – eit komplisert fagfelt som prisvinnaren presenterer på ein enkel og forståeleg måte.

Prisvinnaren har gjort ein særs verdfull innsats for god journalistikk på nynorsk – utan å stikke seg fram. For han er det sjølve journalistikken og formidlinga av bodskapen som er viktig. Han er kjend for eit kortfatta og enkelt språk og er ein av få journalistar som legg vekt på å bruke nynorsk normaltalemål. I ei tid der dialektene har fått god plass i NRK, er det viktig at normert nynorsk òg skal høyrast, slik ein av dei som nominerte prisvinnaren, skriv.

Ikkje minst har prisvinnaren vore ein viktig bidragsytar til at NRK har oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk dei siste åra, både gjennom eigen journalistikk og ved å vere ein kunnskapsrik og verdsett rettleiar for kollegaene.

Prisvinnaren har sjølv sagt at om NRK skal levere innhald i verdsklasse, må òg språket vere i verdsklasse. Han har dessutan understreka at nynorskarbeidet må prioriterast i heile organisasjonen. Det er ei glede og ei ære for styret i Kringkastingsringen å få gje prisen til Eivind Molde!

Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen kvart år. Prisen går til ei røyst som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Styret i Kringkastingsringen er jury for prisen, og prisen har vore delt ut sidan 1978.

Liste over alle tidlegare vinnarar