– Folk hadde jaga meg med høygaflar ut av Hallingporten!

Lillian Holden er redaktør for ei av suksesshistoriene i det nynorske medielandskapet, og trønderen lovar at noko språkskifte ikkje kjem på tale der i garden.

Redaktør Lillian Holden i lag med grafikar Jarle Stanses og vaktsjef Olav Johannes Bøthun då Hallingdølen vart kåra til årets lokalavis i Europa. Foto: Elias Dahlen / Hallingdølen.

Med bakgrunn frå Røros-avisa Arbeidets rett og VG vart Lillian Holden tilsett som ansvarleg redaktør i Hallingdølen i 2019. Hallingdølen har fått mange medieprisar både i Noreg og internasjonalt, og sjølv vart Holden for to år sidan kåra til «årets leiartalent» av Medienettverket. Avisa har hovudkvarter i Ål, og Hallingdal er definitivt å rekne som ei randsone for nynorsken, men som redaksjonelt språk i Hallingdølen står nynorsken støtt:

– Nynorsk er eit særs godt nyheitsspråk! Det er konkret og poengtert, og journalistane hjå oss finn seg kjapt til rette som trygge nynorskbrukarar, rosar Holden.

Det er ikkje flust med nynorskjournalistar på marknaden, men det taklar dei godt i Hallingdølen:

– Svært få av dei eg har tilsett i redaksjonen, har brukt mykje nynorsk før dei kjem til oss, men det har heller ikkje uroa meg, for dei lærer fort å bruke og setje pris på nynorsk som avisspråk, fortel ho.

– Somme har kanskje skrekk i blikket dei første dagane, men mest ingen har klaga når det har gått ei vekes tid. No i sommar fekk eg forresten inn ein vikar som var nynorskbrukar frå før, og det var jo ein draum. Men slike er nokså sjeldan vare i vårt område. Om eg skulle hatt det som eit førehandskrav, hadde det ekskludert mange gode journalistar, så vi sørgjer heller for at dei lærer seg å meistre nynorsk når dei kjem.

Livet i randsona
Holden skildrar korleis nynorsken har tapt nokre kampar i distriktet hennar i det siste:

– Vi høyrer frå skulane at færre vel nynorsk, og vi høyrer om kommunar som går bort frå nynorsk som fast administrasjonsspråk. Denne utviklinga skulle kanskje tilseie at vi skulle opne for bokmål i det redaksjonelle stoffet vårt, men vi lever godt som nynorskavis, seier ho.

– Det er framleis strengt hjå oss. Alle tilsette skriv nynorsk, og den politikken har vi ingen planar om å endre på. Samstundes er det litt friare for frilansarar og sjølvsagt lesarbrev.

Men lesarane følgjer med:

– Når vi har artiklar som frilansarar har skrive på bokmål, hender det ikkje sjeldan at vi får negative reaksjonar frå lesarar som lurar på om vi går i bokmålslei – men det kan eg love at vi ikkje gjer, forsikrar redaktøren.

Dialektdød og engasjement
Hallingdølen vekte nasjonal merksemd då dei for nokre år sidan publiserte ei heil utgåve på hallingmål. Holden forklarar korleis prosjektet kom i stand:

– For nokre tiår sidan svarte tre av ti unge hallingar at dei brukte dialekt. Ei ny undersøking viste at det no berre gjaldt éin av ti. Dette skapte eit enormt engasjement, og undersøkinga vart diskutert overalt. Det heile enda med at vi laga ei dialektutgåve for å vere med og halde hallingmålet i hevd, fortel ho.

Dialektdød er noko som ein opplever mange stader i Noreg, og Holden meiner at skriftleg nynorsk kan vere ei motvekt mot denne utviklinga:

– Det er ein stor motivasjon for oss å bidra til å ta vare på hallingdialekta, som ligg nær nynorsken. Eg skulle dessutan ønskje at fleire i næringslivet i regionen – ikkje minst reiselivet – brukte nynorsken meir aktivt, og eg er sikker på at det hadde slått positivt ut for dei, understrekar ho.

Ikkje imponert over riksavisene
Hallingdølen har vist at det er fullt mogleg å lykkast som avis med nynorsk som redaksjonelt språk, og redaktøren er ikkje altfor imponert over kollegaene i rikspressa:

– Eg synest det er litt trist at vi ser så pass lite nynorsk i dei store riksmedia. Det burde absolutt ha vore meir – og utanom i NRK blir det gjort altfor lite når det gjeld å rekruttere og motivere journalistar som skriv på nynorsk, seier Holden.

Ho er oppteken av at nynorsk ikkje berre skal vere eit vestlandsfenomen:

– Det at ein veit namnet på den eine VG-journalisten som skriv nynorsk – og alle ære til han –, seier vel det meste. Det krevst vilje og målretta innsats for å få meir nynorsk inn i rikspressa, og det opplever eg ikkje no. Men heldigvis gjer NRK eit godt arbeid, så hurra for det!

Grunnstein i demokratiet
Holden lèt rikspressa liggje og snakkar heller opp lokalavisene:

– Lokalavisene er grunnsteinen i demokratiet – berre sjå på USA etter at mange lokalmedium har gått dukken! Lokalavisene legg til rette for eit offentleg ordskifte der alle kan bli høyrde. Vi opplyser lesarane så dei kan delta i ordskiftet, og vi gjev dei plass til å delta, seier ho engasjert.

Men dei lokale media er òg talerøyr for lokale synsvinklar nasjonalt:

– Eit døme er den evige diskusjonen om Ringeriksbanen. Vi kan utfordre stortingspolitikarar og sørgje for at lokale røyster blir høyrde, held redaktøren fram.

Rosar laget
Redaktørstillinga i Hallingdølen er den første leiarstillinga Holden har hatt, og ho seier at det har vore viktig for ho å byggje eit godt lag:

– Eg hadde ikkje røynsle som leiar før eg kom hit, og du finn nok ikkje leiarfilosofien min i ei lærebok frå «leiarskulen», men eg er oppteken av å setje saman eit velfungerande kollegium der vi spelar på styrkane til kvarandre. Vi er 14 kollegaer i redaksjonen, og i eit slikt arbeidslag treng ein alle slags typar. Eg har ikkje noko mål om å gjere alle så like som mogleg. Alle treng ikkje vere gode til dei same tinga, understrekar ho.

Ikkje minst er det viktig å trivast på jobben:

– Det er trivselen, kreativiteten og humoren vi har saman, som gjev det gode produktet. Vi har det så grueleg ålreit på jobb – det trur eg er ein viktig grunn til at vi har vunne mange prisar!

Foto: Elias Dahlen / Hallingdølen.

Trygg framtid for nynorsken i Hallingdølen
Det skal ikkje vere tvil om at nynorsken lever trygt i Hallingdølen:

– Vi har ikkje noko ønske om ny språkpolitikk i avisa vår, og eg trur lesarane hadde stegla òg. Hallingdølen skal vere på nynorsk! Hadde vi endra på det, trur eg lesarane hadde jaga meg ut av Hallingporten med høygaflar, ler Holden.

Intervjuet stod på trykk i Kringom nr. 3/2024.